Gå tilbake til:
Du er her:

Bergen kommune har fleire ulike tilskotsordningar innan felta museum, kulturvern, samlingar kultur- og museumsbygg. Les meir under kriterier/vilkår, og søk under fana skjema

Kriterier og vilkår

Tilskot til museum, historie og kystkultur - prof og amatør
Enkeltpersonar, institusjonar og organisasjonar kan søke. Ordninga omfattar drift og prosjekt innan kulturhistorie, kystkultur og naturhistorie til dømes til formidlingsprosjekt, inkludert bøker, markeringar, jubileum, bevaring og utvikling. Tilskot til bygningsvern går ikkje over denne ordninga.

Tilskot til museumsutviklingsprosjekt
Konsoliderte museum, større prosjekt frå frivillig sektor og felles prosjekt innen feltet kan søke. Prioriterte område: fornying av formidling, nettbasert samarbeid, publikumsutvikling og utstillingar/innhaldsproduksjon. 

Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg
Driftarar av ikkje-kommunale kulturhus kan søke, men frivillige organisasjonar utan stor grad av offentlege tilskot vil bli prioriterte. Det kan søkast om tilskot til naudsynt vedlikehald, ikkje til ombygging eller nybygg.

Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale museumsbygg
Konsoliderte museum som driftar ikkje-kommunale museumsbygg kan søke. Det kan søkast om tilskot til naudsynt vedlikehald, ikkje til ombygging eller nybygg.

Om søknadsprosessen

Søknadsfrist

  • Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg: 20. mars
  • Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale museumsbygg: 1. april
  • Tilskot til museumsutviklingsprosjekt: 1. april og 1. september
  • Tilskot til museum, historie og kystkultur - prof og amatør: 1. april og 1. september