Gå tilbake til:
Du er her:

Bergen kommune tildeler midlar innan felta museum, kulturvern, samlingar, museums- og kulturbygg.

Kriterier og vilkår

- for tilskot til museum, historie og kystkultur - prof og amatør: enkeltpersonar, institusjonar og organisasjonar kan søke. Ordninga omfattar drift og prosjekt innan kulturhistorie, kystkultur og naturhistorie til dømes til formidlingsprosjekt, inkludert bøker, markeringar, jubileum, bevaring og utvikling. Tilskot til bygningsvern går ikkje over denne ordninga.

- for tilskot til museumsutviklingsprosjekt: Konsoliderte museum, større prosjekt frå frivillig sektor og felles prosjekt innen feltet kan søke. Prioriterte område: fornying av formidling, nettbasert samarbeid, publikumsutvikling og utstillingar/innhaldsproduksjon. 

- for tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg: Driftarar av ikkje-kommunale kulturhus kan søke, men frivillige organisasjonar utan stor grad av offentlege tilskot vil bli prioriterte. Det kan søkast om tilskot til naudsynt vedlikehald, ikkje til ombygging eller nybygg.

- for tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale museumsbygg: Konsoliderte museum som driftar ikkje-kommunale museumsbygg kan søke. Det kan søkast om tilskot til naudsynt vedlikehald, ikkje til ombygging eller nybygg.

Om søknadsprosessen

For spørsmål om tilskotsordningane kontakt Toril Mjelva Saatvedt på e-post TorilS.Mjelva.Saatvedt@bergen.kommune.no(tilskot til museum, historie og kystkultur - prof og amatør og tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg) eller Anita Solbakken på e-post anita.solbakken@bergen.kommune.no (tilskot til museumsutviklingsprosjekt og tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale museumsbygg).

Søknadsfrist

20. mars:

- Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale kulturbygg 

1. april:

- Tilskot til vedlikehald av ikkje-kommunale museumsbygg 

- Tilskot til museumsutviklingsprosjekt  

- Tilskot til museum, historie og kystkultur - prof og amatør 

1. september:

- Tilskot til museumsutviklingsprosjekt

- Tilskot til museum, historie og kystkultur - prof og amatør