Gå tilbake til:
Du er her:
Solcelleanlegg

Det er dessverre tomt for midler i denne tilskuddsordningen, og er derfor ikke lenger mulig å søke støtte. 

Du kan søke om pengar til rådgjeving, kjøp og installasjon av solceller i burettslag, sameige og private næringsbygg.  

Det er sett av 7 millioner kroner til ordninga.

Det kan søkast om støtte til:

  • Kjøp og installasjon av solcelleanlegg i burettslag, sameige og private næringsbygg. For burettslag/sameige gjeld tilskotet felles solcelleanlegg.
  • Kostnadar til energirådgjeving kan inkluderast i kostnadane som gir rett til tilskot. Søkar må sjølv kontakte ekstern kompetanse.

For meir detaljert informasjon: Gå til tilskotsportalen

Søknadsfrist:

Det er løpande søknadsfrist på ordninga. Søknader vert handsama fortløpande og det vert delt ut tilskot så langt midlane rekk.

Kriterium for å søke:

  • Alle burettslag, sameige og private yrkesbygg som er registrert i Brønnøysundregistret med adresse i Bergen kommune kan søke.
  • Privatpersonar, statlege byggeigarar og kommunale aktørar kan ikkje søke om tilskot.
  • For private hushaldingar er det mogleg å søke om støtte frå Enova.
  • For burettslag/sameige gjeld tilskotet felles solcelleanlegg. Enkeltseksjonar kan ikkje søke om tilskot til private solcelleanlegg.
  • Du må søke og få innvilga støtte før du bestiller materiale og tenester, eller inngår avtale med leverandør. Dersom det er behov for utgreiing av elanlegget kan ein ekstern rådgjevar kontaktast før ein søker om tilskot.

Det er viktig å merke seg at eit tilsegn på tilskot til solcelleanlegg ikkje gir byggeløyve.

Det er søkaren sitt ansvar å undersøke med Plan- og byggingsetaten om tiltaket er søknadspliktig og deretter søke om byggeløyve. Normalt sett vil det vera krav om byggesøknad for solcelleanlegg i burettslag, sameige og næringsbygg.

Meir detaljerte retningslinjer finn du i tilskotsportalen

 

For spørsmål som gjeld utlysing og søknadsportalen kan du kontakte klimaetaten@bergen.kommune.no

 

 

Les meir og finn søknadsskjema