Slik var kommunen i 2017 bilde
Bilete henta frå årsmeldinga til kommunen for 2017.

Slik var kommunen i 2017

Bergen kommunes digitale årsmelding er no klar. Her kan du klikke deg gjennom tekst, bilete og tal for å lese historia om korleis kommunen var i 2017.

Heildigital årsmelding

Årsmeldinga denne gongen er ein milepæl for kommunen. Det er første gongen ho kjem i eit digitalt og til dels interaktivt format. Og du kan lese ho anten du gjer det framfor pc’en eller mobilen eller noko anna som viser innhald frå internett.

Årsmeldinga er óg årsrekneskap. Kommunen opererer med ein rekneskap for drifta og ein for investeringar. Nytt av året er at du kan klikke deg gjennom begge heilt ned til kanskje eit prosjekt som interesserer deg særleg. Til dømes bygging av barnehage i nabolaget.

Teneste for teneste

Elles er årsmeldinga bygd opp rundt alle tenesteområda som kommunen har. I tillegg kan du lese korleis det står til med likestillinga i kommunen, kor friske dei tilsette i kommunen er og korleis vi jobbar med å ta vare på klima og miljø.

Årsmeldinga og årsrekneskapen skal endeleg godkjennast av Bergen bystyre. Du kan lese saksframlegget med ei utskrift av innhaldet i den digitale årsmeldinga på lenka nedanfor.