- GÅ TIL ÅRSMELDINGA Bergen kommunes digitale årsmelding 2019
Heildigital årsmelding
Årsmeldinga til kommunen er i hovudsak eit digitalt dokument som blir produsert ved hjelp av løysinga til Framsikt.
Meldinga for 2019 er i eit digitalt og til dels interaktivt format. Og du kan lese ho anten du gjer det framfor pc’en eller mobilen eller noko anna som viser innhald frå internett.
Årsmeldinga er óg årsrekneskap. Kommunen opererer med ein rekneskap for drifta og ein for investeringar.
Teneste for teneste
Elles er årsmeldinga bygd opp rundt alle tenesteområda som kommunen har. I tillegg kan du lese korleis det står til med likestillinga i kommunen, kor friske dei tilsette i kommunen er og korleis vi jobbar med å ta vare på klima og miljø.
Årsmeldinga og årsrekneskapen skal endeleg godkjennast av Bergen bystyre. Du kan lese saksframlegget med ei utskrift av innhaldet i den digitale årsmeldinga på lenka nedanfor.