Collage av bilder: park, ukrainsk flagg, møte ansatt og bruker, brannslukning, barn som jobber med planter og gangbro mellom skolebygg.
ÅRET 2022: Bileta er henta frå årsmeldinga og viser litt av det kommunen arbeidde med i 2022.

Bergen kommunes årsmelding 2022

Bergen kommune si årsmelding for 2022 er klar. Dette året tok byen imot ukrainske krigsflyktningar, mens korona var på hell. Kommunen fekk et positivt driftsresultat på 953 millionar kroner.

No har byrådet gjort offentleg årsmeldinga for 2022. Når revisorane har gjort sitt og kontrollutvalet har kome med sin uttale, vil byrådet sende ho over til bystyret for behandling. 

Meldinga har mange tal frå rekneskap og budsjett, men du kan òg lese tekstar om korleis året var på dei mange tenesteområda kommunen har hand om. Du får eit innblikk i viktige hendingar som var i året og korleis utviklinga har vore på dei ulike områda.

I 2022 fekk Bergen kommune eit positivt netto driftsresultat på 953 millionar kroner. Driftsresultatet utgjer 3,6 prosent av driftsinntektene.

Etter ein smittetopp for Covid-19 i februar gjekk smittetrykket ned og fleire av kommunen sine pandemirelaterte aktivitetar blei reduserte. 24. februar fekk verda eit nytt problem skapt av den russiske invasjonen av Ukraina.

Bergen blei vertskapsby for nærare 2.000 akuttinnkvarteringsplassar for ukrainske flyktningar. Bystyret vedtok at kommunen skulle busetje 1.000 flyktningar i 2022. Gjennom året makta kommunen å busette 778 personar.

Bergen kommune investerte for tre milliardar kroner i 2022. Kommunen hadde 300 investeringsprosjekt gåande dette året. Fleire store investeringsprosjekt blei avslutta dette året. Dette gjeld Holen skole, Kronstad oppveksttun, Ortun svømmehall og Bergen Rådhus.