Etter initiativ frå Hordaland mållag og budsjettvedtak i Bystyret i september 2019 skal det etablerast ein nynorskklasse på ein bokmålsskule for skulestartarar i Bergen hausten 2022. Midtun skole som ligg like ved bybanestoppet på Skjoldskiftet, er valt.
- Eg ser fram til å ta imot i gruppe fyrsteklassingar som skal ha nynorsk som hovudmål på Midtun skule. Eg var ikkje i tvil då vi blei spurt om vi kunne tenke oss å gje dette tilbodet på skulen vår. Vi har eigna lokale som gjer at vi kan legge godt til rette for nynorskgruppa. Dette gler vi oss til! seier rektor Trond Sandal.
Eigen klasse
Skuletilbodet starter opp ved Midtun skole dersom det melder seg eit tilstrekkeleg antal elevar.
Opplæringa vil føregå både i og på nynorsk. Elevane vil gå i eigen klasse og ha eigen kontaktlærer som samarbeider med resten av 1. trinn på skulen.
Tilbodet gjeld ut 7. trinn, og er så langt kun for gruppa som startar hausten 2022.
Tilbod om skuleskyss
Tilbodet om å gå i nynorskklassen på Midtun skole gjeld alle som startar i 1. klasse hausten 2022, uavhengig av kor i byen dei bur.
Elevar som på 1. trinn har over to kilometer skuleveg, får tilbod om gratis skyss til og frå SFO/skule.
Frist 14. mars
Frist for innmelding er 14. mars 2022. Du melder barnet ditt på i dette kontaktskjemaet.
Skular i Bergen med opplæring på nynorsk
Dei fleste skulane i Bergen kommune har bokmål som hovudmål. Desse sju skulane har nynorsk som hovudmål:
- Garnes barneskule
- Garnes ungdomsskule
- Lone skule
- Salhus skule
- Trengereid oppveksttun - skule
- Ytre Arna skule
- Ådnamarka skule
Kontakt
Kontakt gjerne rektor ved Midtun skole, Trond Sandal, for meir informasjon: Trond.Sandal@bergen.kommune.no eller 53 03 79 00.