Gå tilbake til:
Du er her:
Mange menneske sit saman rundt fleire bord, og pratar saman medan dei ser ned på ark og notatar.
Lisa Baxter har halde mange verkstadar rundt i verda. No er det Arna sin tur.
Bilde: The Experience Business

Bli med på å utforske moglegheiter for Arna

Bur du i Arna? Vil du bidra til at dette kan bli ein endå betre stad for både unge og vaksne? Meld deg på kreativ verkstad 26., 27. eller 28. oktober.

Levande lokalmiljø

Verkstadene er del av pilotprosjektet «Creative Arna». Pilotprosjektet, som også har søsterprosjekt i Loddefjord og Olsvik, har som mål å bidra til å skape levande lokalmiljø, og til at fleire menneske får delta i kreative fellesskap.  Prosjektet tar utgongspunkt i nærmiljøets lokale trender, moglegheiter og utfordringar, og i innbyggaranes eigne behov og ønske. 

Prosjektet er i regi av Bergen kommune i samarbeid med Lisa Baxter. Ho har arbeidd med metoden «community art» fleire stader rundt om i verda, med fokus mellom anna på kva verdi kunst- og kultur kan tilby samfunnet generelt.  Les meir om Lisa Baxter her. 

Har du lyst å gjere ein forskjell for Arna?

Ein viktig del av pilotprosjektet er  å sette saman ei gruppe folk med ulik alder og bakgrunn. Vi søker deg som har lyst til å bidra til at området ditt kan bli ein endå betre stad for både barn, unge og vaksne. Enten du er ung, eldre, har budd her lenge eller akkurat har flytta til Arna, så er du velkomen til gruppa.  

Gruppa vil gjennom ein kreativ prosess forsøke å løfte fram lokalområdet på nye måtar.  Gruppa vil vil utforske spørsmål som: Korleis er det å vekse opp i Arna? Kva saknar dei eldre i området? Kva med dei unge, kva slags behov har dei? Kvar møtes småbarnsfamiliane og kva med studentane? Kva skal eigentleg til for å skape auka trivsel og livskvalitet for alle i Arna? Kva kan vi lære av kvarandre, og av andre byar og land, i utviklinga av Arna? Kva er ønska dine for ditt nærmiljø?

Meld deg på

Meld deg på den verkstaden som passar deg best:

Frist for påmelding er 22. oktober. 

Deltaking er heilt gratis, og det blir enkel servering og musikk undervegs. Arbeidsspråk er norsk og engelsk. Ved behov er det mogleg å ha tolk til stades.

Spørsmål?

Ta kontakt med Arna og Åsane kulturkontor ved John Kristian Øvrebø, tlf. 930 64 107 eller Aida Rokolj tlf. 945 34 982. E-post: arnaogasane.kulturkontor@bergen.kommune.no