Tre mennesker ser i kamera. Damen i midten holder opp en innrammet kulturpisplakat.
Reidar Digranes, Johanna Mjeldheim og Jon Kristian Øvrebø fra Åsane kulturkontor.
Bilde: Bergen kommune.

Kulturpris for Arna bydel til Arna Mållag

Kulturpris for Arna bydel 2023 gjekk til Arna Mållag, og vart delt ut under den offisielle opninga av Kulturdagar i Arna.

Byråd for næring, kultur og idrett, Reidar Digranes, delte ut kulturprisen til nestleiar i mållaget, Johanna Mjeldheim. 

En dame står på en scene i en kirke og snakker i en mikrofon.
Nestleder i Arna Mållag, Johanna Mjeldheim, tok i mot Kulturpris for Arna bydel 2023.
Bilde: Bergen kommune

– Det er ei stor ære å motta kulturprisen, og det er flott at arbeidet til Arna Mållag blir verdsatt slik, sa Mjeldheim stolt i takketalen.

Har kjempa for nynorsken på alle frontar

Årets kulturprismottakar er ein organisasjon som har eksistert i nærare hundre år, og som er ein del av eit større fellesskap av tradisjonelle “motkulturelle” røyrsler i Noreg. 

I juryen si grunngjeving kan vi lese følgande: 

"Organisasjonen er ein viktig aktør på amatørkulturfeltet i bydelen gjennom utgjeving av «Mål og Miljø», som er eit kultur- og lokalhistorisk årsskrift for Arna bydel. Prisvinnaren har gjennom ihuga og kreativt arbeid kjempa for nynorsken på alle frontar i Arna. Blant viktige saker har vore å behalde nynorsk liturgi i kyrkjene i bydelen, dele ut nynorske bøker i skular og barnehagar og å styrke bydelen sitt særpreg gjennom bruk av nynorsk."

Nynorsk tekst på togstasjonen

Ein stor siger for nynorsk skriftspråk i bydelen, var då mållaget kjempa for å få opp skilt med nynorsk tekst på Arna stastjon. Opphavleg skilting på det nyrenoverte stasjonsområdet var på bokmål og engelsk. Men sommaren 2023 kom det opp nye skilt, som no er på nynorsk og engelsk.  

Vi gratulerar med kulturprisen! 

Her kan du lese meir om kulturprisar i bydelene

Les mer om: