1.-7. trinn
Foreldre til elevar på 1.-7. trinn som ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skulen, sender melding til rektor ved skulen. Foreldre tar også opp krav om målform i læremiddel med rektor.
8.-10. trinn
Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8.-10. trinn eller foreldre tar opp krav om målform med rektor.
Klagemoglegheit
Du kan klage innan ei frist på tre veker frå du mottok eit vedtak. Klagen sender du til skulen som har fatta vedtaket. I klagen skal du oppgi kva du ønskjer å få endra og grunngi dette. Kommunen kan rettleie deg. Dersom skulen opprettheld si avgjersle, blir saka sendt til kommunen. Dersom kommunen kjem til same konklusjon, blir saka sendt til Statsforvaltaren i Vestland. Der blir endeleg vedtak fatta.