Gå tilbake til:
Du er her:

Ynskjer du å flytte massar innanfor eit gitt område, eller bruke tilkøyrte massar til å fylle ut terrenget på ein landbrukseigedom? Hugs at dette er tiltak som er søknadspliktig! 

Plankrav

Reningslinene i kommuneplanen sin arealdel (KPA 2018) stiller krav om reguleringsplan dersom terrenginngrepet er over 1 dekar og/eller medfører eit avvik på meir enn 3 meter frå eksisterande terreng. Du kan søkje Plan - og bygningsetaten om dispensasjon frå plankrav.

Unnatak frå plankrav
Planeringsprosjekt på landbrukseigedom som oppfyller vilkåra i  § 24.1 i kommuneplanen sine retningsliner, kan sleppe reguleringsplan. Terrenginngrepet er likevel søknadspliktig til Plan - og bygningsetaten. For å sleppe reguleringsplan, er det krav om at planeringa er til vesentleg nytte for landbruket i LNF-områda. Arealet må ikkje vere større enn 10 da, ha avgrensa følgjer for miljø og samfunn, ikkje utløyse større trong for medvirking, og bruke jordfagleg kompetanse i planlegging og utføring. Anleggsfasen er avgrensa til 3 år. Det er berre mogleg å ha eitt tiltak under arbeid per grunneigedom. Les meir om retningslinene i KPA 2018 under lover og retningsliner.

 

Nydyrking eller bakkeplanering?

Når du har fått løyve frå Plan - og bygningsetaten til å planere med tilkøyrte massar, må du også søkje til Etat for landbruk om godkjenning. Gjeld tiltaket eit heilt nytt areal du vil nydyrke, vil Etat for landbruk handsame søknaden etter nydyrkingsforskriften.

Dersom arealet er eit jordbruksareal som du ynskjer å oppgradere, td. frå overflatedyrka til fulldyrka areal, vil Etat for landbruk handsame søknaden etter forurensingsforskrifta kap. 4 - Anlegg og drift av planeringsfelt. 

Du brukar sjølvsagt berre reine stein-, grus- og jordmassar til planering av jordbruksareal. Les meir i faktaark frå Miljødirektoratet.

 

Grunneigar er ansvarleg

Landbruksføretak som gjer inngrep i kulturlandskapet utan løyve, risikerer avkorting av produksjonstilskot. Tek du i mot massar utan godkjent tiltak, kan du rekne med at du får pålegg om å fjerne ulovlege massar. Du kan også få dagmulkt om du let vere å fjerne massane innan fristen du får på deg. Hugs at ulovlege terrenginngrep kan koste deg dyrt. Det er du som grunneigar som er ansvarleg for tiltak som vert gjort på din eigedom. Du kan spare mykje pengar og arbeid om du søkjer om løyve før du går i gang med terrenginngrep!