Gå tilbake til:
Du er her:

Ynskjer du å flytte massar innanfor eit gitt område, eller bruke tilkøyrte massar til å fylle ut terrenget på ein landbrukseigedom i forbindelse med jordbruksdrift? Hugs at dette er tiltak som er søknadspliktige. 

Søke om nydyrking eller bakkeplanering?

Når du har fått løyve frå Plan - og bygningsetaten til å planere med tilkøyrte massar, må du også søkje til Etat for landbruk om godkjenning. 

Nydyrking
Gjeld tiltaket eit heilt nytt areal du vil nydyrke, vil Etat for landbruk handsame søknaden etter nydyrkingsforskriften. Gjenoppdyrking av jordbruksareal som har ligget unytta i over 30 år, regnes også som nydyrking.

Bakkeplanering
Dersom arealet er eit jordbruksareal som du ynskjer å oppgradere, td. frå overflatedyrka til fulldyrka areal, vil Etat for landbruk handsame søknaden etter forurensingsforskrifta kap. 4 - Anlegg og drift av planeringsfelt. 

Veiledning
Ta kontakt med Plan- og bygningsetaten eller Etat for landbruk dersom du har spørsmål til søknadsprosessen.

Korleis søke om nydyrking?

Finn søknadsskjema og les meir om korleis søke om nydyrking hjå landbruksdirektoratet.no.

Reine massar
Du brukar sjølvsagt berre reine stein-, grus- og jordmassar til planering av jordbruksareal. Les meir i faktaark frå Miljødirektoratet.

Innsending og veiledning
Søknaden sendes til Etat for landbruk. Ta kontakt med etaten dersom du har spørsmål om søknadsprosessen. 

Korleis søke om bakkeplanering?

Før planlegging av planering igangsettes skal det sendes forenklet søknad til kommunen. Den forenklede søknaden skal inneholde:

  • kart som viser hvilke områder som vil bli berørt av planeringen
  • informasjon om viktige natur/terrenginngrep
  • bekkelukkinger mv. skal avmerkes på kartet
  • høgde- og lengdeprofiler

Planen skal være i samsvar med kravene i «Tekniske retningslinjer for anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt» fastsatt av Landbruksdepartementet.

Søknaden sendes til Etat for landbruk. Ta kontakt med etaten dersom du har spørsmål om søknadsprosessen. 

Reine massar
Du brukar sjølvsagt berre reine stein-, grus- og jordmassar til planering av jordbruksareal. Les meir i faktaark frå Miljødirektoratet.

Krav om å utarbeide reguleringsplan

Retningslinjene i kommuneplanen sin arealdel (KPA 2018) stiller krav om reguleringsplan dersom terrenginngrepet er over 1 dekar og/eller medfører eit avvik på meir enn 3 meter frå eksisterande terreng. Du kan søkje Plan - og bygningsetaten om dispensasjon frå plankrav.

Unntak frå plankrav
Planeringsprosjekt på landbrukseigedom som oppfyller vilkåra i  § 24 i kommuneplanen sine bestemmelser, kan sleppe reguleringsplan. 

Terrenginngrepet er likevel søknadspliktig til Plan - og bygningsetaten, og til Etat for landbruk etter forurensningsforskriften eller nydyrkingsforskriften. 

For å sleppe reguleringsplan må alle kriteriene under vere oppfulgt: 

  • planeringa er til vesentleg nytte for landbruket i LNF-området
  • arealet må ikkje vere større enn 10 dekar eller 3 meter i høgdeavvik
  • tiltaket må ha begrensa konsekvensar for miljø og samfunn
  • tiltaket må ikkje utløyse større trong for medvirkning
  • det må brukast jordfagleg kompetanse i planlegging og utføring
  • anleggsfasen må vere avgrensa til 3 år 
  • det er berre mogleg å ha eitt tiltak under arbeid per grunneigedom

Les meir om bestemmelsene i KPA 2018, §§ 24.1 og 24.3

 

Grunneigar er ansvarleg for tiltaket

Landbruksføretak som gjer inngrep i kulturlandskapet utan løyve, risikerer avkorting av produksjonstilskot. 

Tek du i mot massar utan godkjent tiltak, kan du rekne med at du får pålegg om å fjerne ulovlege massar. Du kan også få dagmulkt om du let vere å fjerne massane innan fristen du får på deg. 

Hugs at ulovlege terrenginngrep kan koste deg dyrt. Det er du som grunneigar som er ansvarleg for tiltak som vert gjort på din eigedom. Du kan spare mykje pengar og arbeid om du søkjer om løyve før du går i gang med terrenginngrep.