Gå tilbake til:
Du er her:
Deponering av hestemøkk er ulovlig

Ein hest produserer 8-10 tonn gjødsel i året. Det er viktig at næringsstoffa blir tatt vare på og nytta til planteernæring og jordforbetring.

Næringsrik møkk

Årleg produksjon av næringsstoff i hestemøkk er utrekna til 50 kg nitrogen, 9 kg fosfor og 60 kg kalium per år. Klarer du å lagre og handtere gjødsla på forsvarleg vis, har du ein ypparleg ressurs til gjødsling av jorda di.

Du må ha nok spreieareal for å bruke hestemøkk til gjødsling av planteveksten på garden. Krav til spreiearal er 4 dekar fulldyrka jord per 2 hestar. Det er ikkje lov å selje gjødsel av organisk opphav (husdyrmøkk) utan løyve frå Mattilsynet. Manglar du spreieareal, kan du levere hestemøkken til eit godkjent mottak, eller til ein landbrukseigedom i drift. Der skal gjødsla inngå i gjødselplan og  landbruksføretaket må dokumentere at garden treng meir gjødsel. Avtale om levering skal vere skriftleg. Det er berre fulldyrka jord og overflatedyrka jord som er godkjent som spreieareal. I utmark og på innmarksbeite kan du ikkje spreie husdyrgjødsel.

Deponering av hestemøkk er ikkje lov,  og kan auke faren for ureining og rotteplage. Har du ikkje spreieareal, må du ha konteinar og levere møkka til eit godkjent mottak.

Lover og retningslinjer

Lagring og bruk av husdyrgjødsel er regulert i eigen føreskrift: Forskrift om gjødsel m.v. av organisk opphav

I Bergen kommune gjeld eigen føreskrift om tidspunkt for spreiing av husdyrgjødsel. Det er ikkje lov å spreie møkk på frosen mark, og du må spreie gjødsla i vekstsesongen: Forskrift om spredetidspunkt for gjødselvarer av organisk opphav, Bergen kommune

Mattilsynet har laga ein rettleiar til gjødselvareføreskrifta: Veiledning til forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav, Mattilsynet

Søkjer du produksjonstilskot, må du ha ein gjødselplan, og det er utarbeidd eigen føreskrift om gjødselplanlegging: Forskrift om gjødselplanlegging

Du må ikkje skaffe deg hest utan at du har ein plan for korleis du vil handtere hestemøkken!

Les og lær om hestemøkk

Norsk senter for økologisk landbruk (Norsøk) har saman med Skjetlein vgs. og Norsk Landbruksrådgiving Trøndelag laga eit flott kurshefte om hestemøkk som ressurs. Les og lær frå heftet som er vedlagt: