Gå tilbake til:
Du er her:

Gardbrukarar som vert sjuke eller treng avløysing i samband med fødsel, kan søkje om tilskot til sjukeavløysing. Attlevande ektefelle, born eller sambuarar kan også søkje om sjukeavløysing i etterkant av bonden sitt dødsfall.

Kva dekkjer ordninga?

Det blir berre gitt tilskot for dokumenterte faktiske utgifter til avløysing. Det er krav til bonden si næringsinntekt frå jordbruk eller gartneri for å kunne søkje om tilskot til sjukeavløysing. 

I samband med korona-epidemien, gjeld framleis kravet om sjukmelding frå lege. Det er opna for at lege kan sjukmelde etter telefonkonsultasjon. Ein får berre tilskot for avløysing på grunn av eigen sjukdom, eller dersom ein har born under 12 år som ein må følgje til lege eller offentleg helseinstitusjon. Ordninga gjeld ikkje dersom ein må ta seg av born av di skule eller barnehage er stengt. 
Landbruksdirektoratet har lagt ut informasjon om sjukeavløysingsordninga og korleis ein skal handtere situasjonen dersom bonden vert sjuk av korona-viruset. 

Les meir om ordninga og regelverket her: Om sjukeavløysing - Landbruksdirektoratet

Du søkjer om tilskot via Altinn.