Kvar enkelt skule har vedtatt ei målform for den skriftlege opplæringa. Når minst ti elever på eitt av årstrinna i kommunen ønskjer å nytte den andre norske målforma, har de rett til å høyre til ei eiga gruppe.

Dei fleste skulane i Bergen kommune har bokmål som målform.
Følgjande skular i Bergen kommune har nynorsk som målform:
Garnes skule, Garnes ungdomsskule, Lone skule, Salhus skule, Ytre Arna skule og  Ådnamarka skule.

Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. 

Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.

Foreldre som ønskjer at barna skal få opplæring på ei anna hovudmålform, sender melding til rektor ved skulen eleven tilhøyrer. Krav om målform i lærebøker skal foreldre også ta opp med rektor.  

Klagemulighet


Du kan klage innan ei frist på tre veker frå du mottok eit vedtak. Klagen sender du til skulen som har fatta vedtaket. I klagen skal du oppgi kva du ønskjer å få endra og grunngi dette. Kommunen kan rettleie deg.  Dersom skulen opprettheld si avgjersle, blir saka sendt til kommunen. Dersom kommunen kjem til same konklusjon, blir saka sendt til Statsforvaltaren i Vestland. Der blir endeleg vedtak fatta.

Bergen kommune har som mål at informasjonssikkerheit og personvern skal vere ei naturleg del av vår virksomheit.  Les meir om korleis kommunen handterer personopplysningar.

Les meir om Personvernerklæring for elever

Kontakt aktuell skole via kontaktskjema - Skoler i Bergen