Collage av Ulriksbanen, barnehagebarn, brannmenn, eldre på tur, syklister og skole som ble bofellesskap
ÅRET 2023: Bileta er henta frå årsmeldinga og viser litt av det kommunen arbeidde med i 2023.

Bergen kommunes årsmelding 2023

Her kan du lese årsmeldinga til Bergen kommune for 2023. Fleire større investeringsprosjekt blei fullførte. Kommunen fekk eit positivt driftsresultat på 171 millionar kroner.

No har byrådet gjort offentleg årsmeldinga for 2023. Når revisorane har gjort sitt og kontrollutvalet har kome med sin uttale, vil byrådet sende ho over til bystyret for behandling.

Meldinga har mange tal frå rekneskap og budsjett, men du kan òg lese tekstar om korleis året var på dei mange tenesteområda kommunen har hand om. Du får eit innblikk i viktige hendingar som var i året og korleis utviklinga har vore på dei ulike områda.

I 2023 fekk Bergen kommune eit positivt netto driftsresultat på 171 millionar kroner. Det er 782 millionar kroner lågare enn i 2022. Driftsresultat utgjer 0,6 prosent av driftsinntektene.

I 2023 vart det investert for 3,3 milliardar kroner. Det er ein auke på omlag 300 mill. frå året før. Totalt vart det brukt investeringsmidlar på over 300 små og store prosjekt. 

Eit par store investeringsprosjekt vart avslutta og bygga tatt i bruk i 2023. Av desse kan me nemne Åsaheimen behandlingssenter, Tveiterås skole og ombygging av Strømgaten 1 til mellombels ungdomsskule.

Bergen fekk 2.610 fleire innbyggarar i 2023. Ved inngangen til 2024 var det registrert 291.940 bergensarar. På same måte som året før var bosetting av flyktningar frå Ukraina medverkande til at veksten for Bergen vart noko større enn gjennomsnittet for dei fem føregåande åra.