En mann i dress holder i et ark som to barn gir ham.
APPELL: Ylva og Ådne, elevrådsleiarane ved Garnes skule, overrekte appellen skriftleg til byråd Christian Haugen slik at han lettare skulle hugse ønsket deira.
Bilde: Astri Kamsvåg

Elevrådet vart høyrt: Byrådet foreslår 10 millionar til skulegardar

Elevrådsleiarane Ylva og Ådne ved Garnes skule bad om mellombelse leikeapparat då Christian Haugen, byråd for barnehage og skule, besøkte skulen i slutten av oktober. No har dei fått svar frå byråden.

I mange år har elevane ved Garnes skule ønskt seg nye leikeapparat i skulegarden, særleg for elevar frå åtteårsalderen og oppover. 

Elevane fortel at politikarane har sagt at skulen skal få leikeapparat når Bjørnarhallen står ferdig. Men bygginga av hallen har vorte utsett fleire gonger, og dermed må elevane vente lenge på nye leikeapparat. 

Elevrådet lurte på om det kunne vere mogleg å få nokre mellombelse leikeapparat medan elevane ventar på dei større oppgraderingane. 

– Vi ønskjer oss ikkje noko stort, berre noko medan vi ventar, til dømes ei balanseline eller zipline, sa elevrådsleiarane då dei møtte byråden. 

Det nyttar å engasjere seg

Då Haugen besøkte Garnes skule, nytta elevrådet høvet til å halde ein appell. Elevrådet har no fått svar direkte frå byråden. I svaret takkar byråden elevane for at dei engasjerer seg og for at dei tek opp ei sak som er viktig for mange elevar ved Garnes skule.  

I brevet peikar byråden på at kommunen er i ein krevjande økonomisk situasjon, og at midlane som er sett av til mindre investeringar og oppgraderingar i 2026, allereie er brukte opp. 

– Byrådet har valt mellom anna på grunn av innspela frå dykk, å auke ramma for oppgraderingar av skulegardar i 2027 med 10 nye millionar kroner, skriv han vidare. 

– Dersom forslaget frå byrådet om å auke løyvinga til mindre investeringar i skulegardar blir vedteke av bystyret i desember, vil også Garnes skule bli vurdert for å få nye leikeapparat, står det i brevet frå Christian Haugen. 

Opplever meistring

Då rektor las opp brevet frå byråden, kjende elevrådet stor meistring.

– Det er fantastisk at byråden har sendt oss eit personleg brev og at han har lytta til oss, fortel elevrådsrepresentantane.

No håper dei at midlane blir vedtatt, og at Garnes skule blir ein av skulane som får nye leikeapparat.

– Vi er òg stolte over at innsatsen vår kan ha bidratt til at barn ved andre skular i Bergen får betre leike- og uteområde.

Profilbilde av kvinne med hestehale som sitter ved et bord med en pc.
- Nokre av elevrådsrepresentantane meinte dei var klare til å jobbe i politikken etter å ha fått brevet frå byråden, fortel Synnøve Hjertaker, rektor på Garnes skule.
Bilde: Astri Kamsvåg

Demokrati i praksis

Synnøve Hjertaker, rektor på Garnes skule, peikar på at saka har gitt elevane verdifull læring om demokrati og korleis det politiske systemet fungerer. Samstundes understrekar ho at elevrådet arbeider med at medverknad handlar om å seie meininga si og argumentere for det ein meiner er viktig, men òg om å akseptere at ein ikkje alltid får gjennomslag.  

– Byråden har bidratt med meir enn midlar til ei viktig sak. Han har òg gitt elevane ei viktig erfaring med demokrati, medverknad og det å bli tatt på alvor, meiner Hjertaker.

Les mer om: