Daniel Hägglund, Jon Askeland og Christine Meyer sitter ved et bor. Hägglund signerer avtalen.
SAMARBEIDSAVTALE: Daniel Hägglund (byråd for barnehage og skole), signerte samarbeidsavtalen på vegner av Bergen kommune, medan Jon Askeland (fylkesordførar Vestland fylkeskommune) skreiv under for fylkeskommunen. Byrådsleiar Christine Meyer seier at samarbeidet har vore etterlengta frå kommunen si side.
Bilde: Helen Daae Frøyseth

Samarbeid skal få fleire elevar til å fullføre vidaregåande

Bergen kommune og Vestland fylkeskommune går saman om å gjere overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande opplæring best mogleg. Målet er at enno fleire elevar vel rett studieprogram frå starten.

Daniel Hägglund, byråd for barnehage og skule i Bergen kommune, vil at elevane på 10. trinn på ungdomsskulen skal få betre rettleiing. Det er når dei går i 10. at dei skal søkje vidaregåande opplæring.

- Vi veit at overgangar kan være kritiske. Vi vil jobbe for ein mest mogleg saumlaus overgang får ungdomsskulen til vidaregåande. 

72 elevar slutta på vidaregåande skular i Bergen i 2024 i løpet av det første skuleåret. Utfordringane til desse elevane starta ikkje på vidaregåande, men i grunnskulen. Ofte har dei ein kombinasjon av svake faglege resultat og sosiale utfordringar.

Etablerer bergenstandard 

Bergen kommune jobbar no med å få ein eigen bergenstandard for faget utdanningsval og for karriererettleiing i ungdomsskulen. 

Daniel Hägglund signerte samarbeidsavtalen for kommunen, medan fylkesordførar Jon Askeland skreiv under avtalen på vegner av fylkeskommunen. 

- Behovet for betre rettleiing gjeld ikkje berre Bergen, men heile Vestland, seier Jon Askeland.

Tiltak for alle elevar

Den nye samarbeidsavtalen inneheld i utgangspunktet tiltak som skal komme alle elevar til gode. Nokre elevgrupper er likevel nemnt spesifikt: elevar med stort læringspotensial, sårbare elevar, elevar med høgt fråvær og minoritetsspråklege elevar. 

Til stades under signeringa var òg byrådsleiar Christine Meyer. 

– Eg er veldig glad for at vi no får på plass eit godt og tett samarbeid til beste for både dei elevane med stort læringspotensial og dei mest sårbare elevane. Vi veit at mange strevar med overgangar, og vi har behov for meir praktiske fag.

Meir yrkesfag inn i arbeidslivsfaget 

Daniel Hägglund er oppteken av å auke kunnskapen til ungdomsskuleelevane om dei mange moglegheitene yrkesfag gir. Gjennom samarbeidsavtalen er målet at arbeidslivsfaget i ungdomsskulen skal gje elevane realistisk og relevant innsikt i yrkesfaglege utdanningsprogram. Arbeidslivsfag er eit fag som elevane kan velje i staden for framandspråk eller språkleg fordjuping. 

– Eg vil at elevane skal få høve til å prøve ut yrkesfag som valfag på 8. eller 9. trinn, seier han.

Elevar som treng større utfordringar

Elevar som treng større utfordringar skal få moglegheit til ta fag frå vidaregåande trinn medan dei framleis er elevar i grunnskulen. Aktuelle fag er matematikk, språkfag og naturfag. 

– Alle ungdomsskulane i Bergen skal bli godt kjende med dette, slik at dei som opplever at ungdomsskulen er for enkel og ynsker tilpassa undervisning, får dette, seier Hägglund.

Roste Bergen kommune 

Askeland nytta anledninga til å skryte av Bergen kommune.

– Bergen kommune er ein av dei aller beste kommunane i måten de jobbar med skule på. De har ein god plan for fornying av skulebygg, og de set eleven først. Det de gjer her no vil verkeleg gje effekt, roste Askeland.

Fleire droppar ut i Bergen enn i fylket

Det er litt fleire elevar i Bergen som droppar ut av vidaregåande (2,9 prosent) enn i Vestland fylke (2,6 prosent). Sjå statistikk på bydels- og skulenivå på nettsida til fylkeskommunen om fullføringsgrad i vidaregåande opplæring.

Les mer om: