Kronprinsen står med flaskepost i hånden. To elever står ved siden av. Ordføreren står i bakgrunnen
STERKT OG VIKTIG BODSKAP: - Det er eit sterkt og viktig bodskap om å ivareta havet ungdommane i Bergen har laga til verdas leiarar, og det er flott å sjå korleis "Message in a bottle"-prosjektet koplar unge stemmer over heile kloden saman i eit slikt felles bodskap, seier ordførar Marit Warncke. Ho viste H.K.H. Kronprins Haakon rundt i utstillinga.
Bilde: Astri Kamsvåg

Ungdommar overrekte flaskepost med viktig bodskap

Skuleelevar delte bekymringane sine om hav, klima og berekraft med Kronprinsen i går. – Så fint at de har med nokre forslag til løysing òg, sa Kronprinsen då han tok imot ein flaskepost frå Andrea.

– Vi har lyst til å gi deg denne med våre idear, innspel og tankar om korleis problema i havet kan oppstå og om korleis dei kan ordnast, sa Andrea då ho overrekte flaskeposten til H.K.H. Kronprins Haakon om bord på Statsraad Lehmkuhl 20. april. Ho fortalte han òg om skuleprosjektet “Message in a Bottle” som tre klassar på Storetveit skule og Metis vidaregåande skule har jobba intenst med dei siste vekene. Om bord på skipet presenterte elevane arbeida sine for kvarandre, snakka med fagfolk og høyrde på føredrag.

– Det var veldig hyggeleg å snakke med kronprins Haakon, seier Andrea.

Nærbilde av flaske med ark inni. Klistremerker med Port of Bergen, Storeveit skole og Metis videregående skole, og One Ocean Expedition
Det var denne flaskeposten kronprins Haakon fekk overrekt av elevane i Bergen.
Bilde: Statsraad Lehmkuhl

Videoar og tittekasser

Dette flaskepost-prosjektet består av meir enn eit ark i ei flaske. Elevane på 10. trinn på Storetveit og Metis har laga videoar, medan 8. klassingane har laga tittekasser.

Elevane har løyst oppgåva på ulike måtar. For å nå internasjonale toppleiarar verda over snakkar elevane engelsk på fleire av videoane. For å få fram poenga sine bruker dei ulike verkemiddel: Dei spelar sjølv ekspertar og programleiarar i videoane, og dei let fiskar snakke høgt med seg sjølv. Dei har vore i Akvariet i Bergen og filma, og dei har klippa inn videosnuttar laga av profesjonelle. Alt har dei klipt saman sjølv.

– Det har vore veldig kjekt å jobbe med dette prosjektet, og eg har lært mykje om havet, klimaet og berekraft, seier Andrea.

Tittekassene i tre og pleksiglas har 8. klassane fylt med miniatyrmodellar som dei sjølv har laga. Modellane illustrerer livet på havbotnen, blant anna garn og teiner som blir liggande igjen i havet som fortset å fange fisk og skaldyr og til slutt løysast opp til mikroplast som spreier seg i verdshava.

Tre gutter står og snakker sammen på dekk av Statsraad Lehmkuhl
KULT MED KONGELEGE: - Eg synes det er kult at nokon kongelege skal sjå det vi har laga. Eg tenkte ikkje på at det kunne skje, seier Amund (til høgre på bildet).
Bilde: Astri Kamsvåg

Amund på 8. trinn på Storetveit skule fortel at han har lært mykje om klima og utfordringane med livet i havet under arbeidet med tittekassene til utstillinga.      

– Eg blei veldig overraska over kor forurensa havet er. Arbeidet med utstillinga gjer at eg kjem til å tenke meir over vala eg tar framover, seier han.

To jenter sitter på ved siden av hverandre på en benk om bord på skipet
BURDE BEGYNT TIDLEGARE: - Vi menneska burde begynt tidlegare med å stanse forureininga av havet, meiner Zoe. Ho og venninna Frøya på 8. trinn er samde om at politikarane må setje grenser for kor mykje utslepp vi kan ha i havet.
Bilde: Astri Kamsvåg

Har deltatt i globalt undervisingsprosjekt

Elevane på Storetveit og Metis har deltatt i det globale undervisingsprosjektet “Message in a Bottle” som er ein del av One Ocean Expedition. Langs heile seilingsruta til Statsraad Lehmkuhl det siste året har elevar jobba med hav, klima og berekraft – gjennom tema som havforsking, klimaendringar og løysingar for ei meir berekraftig framtid. Prosjektet er utvikla av Drew School i San Francisco, og inviterer elevar til å kombinere fagkunnskap med kreativ utforsking.

Når skipet har lagt til kai, har skuleklassar blitt invitert om bord for å levere bidraga sine, på same måte som Andrea og medelevane gjorde på hamna i Bergen 20. april. Alle flaskepostane er no komne heile vegen heim til Bergen under One Ocean Week. Videoane og tittekassene frå bergenselevane er no del av utstillinga “Flaskepost om havet”.

Målet er enkelt: å løfte refleksjonane, bekymringane og ideane til dei unge og håpa deira for havet si framtid.

Du kan sjå utstillinga “Flaskepost om havet” til og med 24. april

Utstillinga er gratis for alle og er open til og med 24. april. Du finn ho på Bradbenken rett ved der Statsraad Lehmkuhl ligg til kai i Bergen sentrum.

Les meir om One Ocean Week