Skisse som viser den nye plassen mellom de to klosterbyggene etter at sølvvarefabrikken er revet.
NYTT BYROM: Tårnfoten (til høgre) og korkapellet (til venstre) vert synlege. Dei mjuke trafikantane får betre kår anten dei ventar på Bybanen, er på gjennomfart eller vil ha ei roleg stund ved det som står att av klosteret frå 1100-talet.
Bilde: Norconsult AS

Blir betre plass for reisande og byhistoria på Nonneseter

Dei mjuke trafikantane får snart betre tumleplass på den travlaste haldeplassen på heile Bybanen. Dessutan blir det synleg for alle kvifor plassen heiter Nonneseter.

Etter fleire år med venting vil det no skje noko på Nonneseter. Sidan finsmedane flytta ut, har den gamle sølvvarefabrikken og leigegarden stått til nedfalls. Bergen kommune kjøpte dei to bygga i 2020 for å rive dei. No som både antikvariske og byggfaglege mynde har velsigna tiltaket, kan arbeida på den gamle klostertomta ta til.

Tre bygg: Hovedbiblioteket, tårnfoten til Nonnekloster og Sølvvarefabrikken.
BETRE PLASS: Tårnfoten frå 1100-talet vil ikkje vere stå så inneklemt når sølvvarefabrikken til høgre blir jamna med jorda.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Framhevar historia

– Eg er glad for vi endeleg får synleggjort desse to klosterskattane frå 1100-talet, og samstundes betre forholda for gåande, syklande og reisande. Det som i dag er ein trong og nedsliten passasje skal opnast opp til eit flott torg som framhevar historia til byen vår, seier byråd for byutvikling, Eivind Nævdal-Bolstad.

Riksantikvaren har no gitt løyve til å rive den tidlegare fabrikkbygningen og leigegarden og opparbeide eit nytt byrom. Rivinga må gjerast så skånsamt som mogeleg for å ikkje øydeleggje dei freda kulturminna. Med løyve òg frå Plan- og bygningsetaten i handa, kan Vestland fylkeskommune gå i gang med prosjektet.

Korkapellet til Nonneseter kloster.
KORKAPELLET: Denne delen av klosteret er framleis registrert som kyrkje. Døvekyrkja i Bergen har tidlegare nytta bygget som samlingsstad.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Mange aktørar samarbeider

- Vi skal ha respekt for prosessen knytt til riving av Sølvvarefabrikken, men no er den eldre byhistoria meir vektlagt enn den yngre, så på vegne av både Bergen kommune og Vestland fylkeskommune er eg glad for at vi har fått ja til å gi både passasjerar, syklande, gåande og ikkje minst byhistoria vår betre plass. No har vi mogelegheit til å løfte fram historia frå mellomalderen, som har lagt litt skjult sjølv om det er midt i byrommet, seier fylkesordførar Jon Askeland

Bergen kommune eig fabrikken og leigegarden. Fortidsminneforeininga eig dei to klosterbygga. Vestland fylkeskommune har ansvaret for haldeplassen og Kaigaten er ein fylkesveg. Ein annan nabo som vil merke arbeida er Bergen Storsenter.

Sølvvarefabrikken med haldeplassen til Bybanen til høgre.
BETRE PLASS: Det vert vesentleg betre plass for dei reisande til og frå den travlaste haldeplassen til Bybanen når Sølvvarefabrikken vert riven.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Ny kalkpuss på klosteret

– Som eigarar av tårnfoten og kapellet gler vi i Fortidsminneforeininga oss til å få opna opp og tilrettelagt, slik at fleire skal få oppleve og bruke dei to fantastiske romma. Så fort prosessen tillèt det, vil vi også få restaurert dei utvendig mellom anna med ny kalkpuss. Slik vil dei verkeleg kome til sin rett i det nye byrommet, seier generalsekretær Ola Harald Fjeldheim.

Prosjektet er ein del av Miljøløftet og skal gjennomførast av Vestland fylkeskommune. Når rivinga er gjort, kjem det nytt byrom, haldeplass for kollektivtransport og ikkje minst betre plass for dei som går eller syklar.

Vil Bybanen gå som vanleg?

Kvar dag går ca. 6000 menneske av og på bybanen på bybanestoppet som går sørover mot Flesland og Fyllingsdalen.  Om lag 1100 bussar og baner køyrer dagleg forbi klosterbygga. I tillegg går cirka 25.000 menneske ut og inn av Bergen Storsenter. No skal den travlaste haldeplassen i Bergen få betre plass til ruinar og gåande.  I dag er det eit 1,4 meter breitt fortau som skal ta unna passasjerar, syklistar og andre gåande. 

I mars 2026 startar arbeidet og det vil vare fram til sommaren. I løpet av hausten og vinteren 2026 og 2027 skal området stå ferdig. Haldeplassen Nonneseter blir stengt under byggearbeidet. Leskuret blir flytta lenger sør for å få større areal. Rivingsarbeidet skal gjerast manuelt og skånsamt med riverobotar. Tårnfoten og Korkapellet skal vernast og beskyttast under heile arbeidet.

De to klosterbyggene blir forbundet med en pergola med urteplanter.
KLOSTERHAGE: Mellom dei to klosterbygga kjem det ein hage med vokster som kunne ha vore dyrka av nonnene frå benediktinarordenen. Illustrasjon: Norconsult
Bilde: Norconsult

 

FAKTA

  • Tårnfoten og korkapellet på Nonneseter er det som står att av benediktinarklosteret frå 1148-1507. Klosteret var eitt av seks norske nonnekloster i mellomalderen.
  • Mellom dei to klosterbygga kjem det ein pergola i tre. Pergolaen blir kledd klatreplanter som gir assosiasjonar til den historiske klosterhagen. Målet er å skape eit grønt og triveleg byrom. 
  • Fortidsminneforeininga skal rehabilitere fasaden på tårnfoten og korkapellet.
  •   Området der fabrikken står får «kyrkjegolv» i granitt, klosterhage med planter, vatn og lys.
  • Både Fortidsminneforeininga, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune er med å betale for det nye byrommet.

Les mer om: