forureining av vatn
Me ønskjer ikkje at tilførsel av feitt og olje til det kommunale avløpsnettet skal føre til forureining av det ytre miljøet. Her frå Tveitavatnet.
Bilde: Bergen Vann/Lars Jørgen Sørfonn

Har du innspel til nye forskrifter om feitt- og oljehaldig avløpsvatn?

Forslag til ny lokal forskrift om påslepp av feitthaldig avløpsvatn og lokal forskrift om utslepp av oljehaldig avløpsvatn og i Bergen kommune er no lagt ut til høyring.

Bergen kommune har i dag ei lokal forskrift som regulerer påslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett; https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2010-03-22-658  

Oljehaldig avløpsvatn
Oljehaldig avløpsvatn i ein kommunal kum
Bilde: Bergen Vann/Tilsyn

Formålet med forskrifta er å hindre tilførsel av feitt og olje til det kommunale avløpsanlegget. Feitt og olje aukar driftskostnadane, og kan føre til forureining av det ytre miljøet. Feitt kan byggje seg opp i avløpsnettet og føre til tilbakeslag i bygg eller overløp til resipient*. Olje (mineralolje) er miljøskadeleg, og noko me ikkje vil ha i avløpsslam eller til utslepp i fjord. 

Kvifor føreslår kommunen nye forskrifter?

Gjeldande lokale forskrift tredde i kraft 12. mai 2010. Det byrjar bli ei stund sidan, og forskrifta har behov for ein større revisjon. Det er fleire grunnar til dette:

  1.  Eksisterande forskrift har manglar. Ho gir til dømes ikkje tilstrekkeleg høve til å gi dispensasjon. Dette er retta opp i dei nye forskriftene.
  2. Bergen kommune føreslår endringar i tekniske krav og utsleppsgrenser, og har tydeleggjort eksisterande krav. Dei føreslåtte utsleppskrava harmonerer med krava statlege myndigheiter stiller til same type utslepp av olje. Krava er òg tilpassa tilgjengeleg teknologi og forvaltingspraksis. Til dømes er dagens praksis med å setja utsleppskrav frå oljehaldig avløpsvatn til 5 mg/L no teken inn i den nye forskrifta.
  3. Eksisterande forskrift inneheld krav til både olje- og feitthaldig avløpsvatn. Bergen kommune har erfart at dette kan vere unødig forvirrande. I tråd med råd i Norsk Vann-rapport nr. 267, “Veiledning for å utarbeide kommunale forskrifter om avløp” (2022), føreslår me å dele forskrifta i to; ei forskrift for oljehaldig avløpsvatn og ei for feitthaldig avløpsvatn. Desse vil til saman erstatte dagens forskrift. Oppdelinga er nødvendig fordi heimelforskriftene ikkje har samanfallande reglar på sentrale punkt, til dømes når det gjeld utslepp av oljehaldig avløpsvatn (ikkje berre påslepp), søknadsprosess og sakshandsaming.

Slik sender du innspel

Byyrådet vedtok 23. september 2026 å sende framlegget på høyring (saksnr. 1162/26, arkivnr. 2025/188915). I fagnotatet (sjå lenka ovanfor) er det gjort greie for alle endringar som er føreslått for eksisterande forskrift.  Der finn du òg dei fullstendige forslaga til dei nye forskriftene.

Bergen kommune ønskjer dine innspel. Ver tydeleg på kva forskrift du gir innspel til, og kva paragraf(ar) innspelet gjeld.

Merk e-posten med «Høyringsinnspel frå [ditt namn/organisasjon] til lokale forskrifter for olje- og feitthaldig avløpsvatn, Bergen. Saksnummer 2025/188915»

Frist for innspel: 1.desember 2026

Send innspel til: vann.avlop@bergen.kommune.no

 *vassdrag, havområde eller luftrom som tek imot vatn.