Elv, Haukåsvassdraget
Den vedtekne Haukåsplanen skal sikre vern og restaurering av Haukåsvassdraget og naturverdiane langs elva.
Bilde: Bergen kommune

Historisk plan skal sikre Haukåsvassdraget for framtida

Bystyret har no vedteke områdereguleringsplanen for Haukåsmyrane og Haukåsvassdraget i Åsane. Planen er ein av dei største og mest naturorienterte reguleringsplanane som er vedtekne i Bergen.

Store delar av Haukåsområdet var opphavleg eit våtmarkslandskap. Gjennom meir enn hundre år har landskapet blitt bygd ned og brukt til ulike føremål. Den nye reguleringsplanen markerer ei kursendring. Målet er å stanse tapet av naturverdiar og sikre vern og restaurering av Haukåsvassdraget, slik at elva og naturmiljøet kan vere der også i framtida.

Plan som verktøy

– Det er veldig kjekt når Bergen går foran og bruker reguleringsplan-verktøyet til å ta vare på sårbar natur. Så vidt eg veit er dette første gongen det blir gjort i Noreg, og det kan vi vere stolte av, seier Tarje Wanvik, direktør i Plan- og bygningsetaten.

Planen omfattar om lag 2,7 kvadratkilometer av nedbørsfeltet. Av dei totalt 2 700 dekara i planområdet vert om lag 800 dekar sett av til naturvern på land og i vatn.  Om lag 1 200 dekar er sett av til naturføremål og landbruks-, natur- og friluftsområde. Planen omfattar rundt fem kilometer med elv og sidebekkar.

Planen er uvanleg i nasjonal samanheng ved at plan- og bygningslova blir brukt for å verne og legge til rette for restaurering av eit heilt vassdrag. Samstundes er dette ein av dei største reguleringsplanane som er vedtekne i Bergen. 

Kartet for planområdet
Kartet viser planområdet for planen.
Bilde: Bergen kommune og Bymiljøetaten

Skal redde dei siste elvemuslingane i Bergen

Elvemusling
Haukåsvassdraget er den siste staden i Bergen der elvemuslingen framleis finst.
Bilde: Bymiljøetaten

Bakgrunnen for planarbeidet er den alvorlege situasjonen for elvemuslingen i Haukåsvassdraget. Arten er raudlista, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på han. 

Forsking og kartlegging viser at miljøtilstanden i vassdraget gradvis har vorte forverra gjennom fleire tiår. Dersom utviklinga held fram, er det stor risiko for at elvemuslingen vil døy ut også her.

Den nye planen legg derfor til rette for ei rekkje tiltak som skal betre naturtilstanden i vassdraget. Mellom anna skal avrenning frå enkelte område reduserast, kantvegetasjon langs elva styrkast og delar av elveløpet opnast der det i dag går i røyr.  

Tydelege rammer for framtidig utvikling 

Elveløp
Naturvern er hovudmålet, men planen legg også til rette for framtidig utvikling og etablerte aktivitetar i området.
Bilde: Bymiljøetaten

Sjølv om naturvern er hovudføremålet, gir planen også tydelege rammer for framtidig utvikling i området. Innanfor dei 700 dekara som er regulert til andre føremål enn naturvern og LNF (landbruk, natur og friluftsliv) klargjer planen premissar for fleire ulike interesser og legg til rette for blant anna næringsverksemd, barneskule med hjartesone, gudshus og kulturminne og andre etablerte aktivitetar.

Tidlegare regulerte byggeområde og lovleg etablert aktivitet skal i hovudsak kunne vidareførast så langt det er forsvarleg med omsyn til naturen.

Fleire eldre og utdaterte reguleringsplanar blir avvikla og erstatta av den nye områdereguleringsplanen for Haukåsmyrane og Haukåsvassdraget.  

Den vedtekne planen er no kunngjord. For dei som ynskjer å setje seg nærare inn i saka, ligg kunngjeringa og alle sentrale plandokument tilgjengelege på kommunen sine nettsider.  

Les mer om: