Kjøper du det eine piggdekket, spanderer vi det andre. Omlegging er også inkludert.
Det einaste du treng å gjere er å svare på eit kort spørjeskjema om vintersykling, anten i butikken eller på førehand.
Slik fungerer det:
- Betal for eitt piggdekk, så får du det andre. Omlegging er inkludert.
- Vi dekker opptil kr 1100,- inkl. mva. for eitt piggdekk. I tillegg dekker vi kostnad for omlegging.
- Har du eigne piggdekk, dekker vi omlegging.
- Ta kontakt med ein av sykkelbutikkane nedst på sida og bestill time.
- Ta undersøkinga om vintersykling. Du kan også ta den i butikken. Vis fram skjermbilde av siste sida i undersøkinga for å få tilbodet.
Her kan du få piggdekk (Nygård, Sandviken og Minde):
Pedalen sykkelverksted, Agnes Mowinckels gate 6
Tlf: 55 61 20 00
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her.
Skriv inn referanse Miljøløftet i bestillinga.
Bici Bergen, Nye Sandviksveien 73A
Tlf: 941 51 720
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her.
Skriv inn referanse Miljøløftet i informasjonsfeltet om dekk/sykkel
Cyclofix, Conrad Mohrs veg 25
Tlf: 922 20 919
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her.
Skriv inn referanse Miljøløftet i meldingsfeltet.
(Butikkar blir tatt bort frå lista etterkvart som dei er tomme for tilbodsdekk. Per 7. november gjeld det Trek Bergen og Sykkelbutikken.)
Her er det førstemann til mølla! Kampanjen gjeld frå 22. oktober til 1. desember 2025, eller så langt lageret rekk.