Barn syklar i vegbana i Bergen sentrum
GLIMT FRÅ 2025: Sykkelløype midt i gata – slik får ein det kun under Bilfri dag.
Bilde: Anders Kjetland, Miljøløftet

Mobilitetsveka 2026: Dette skjer i Bergen

Mobilitetsveka er ei årleg feiring av miljøvennlege reiseformer, og blir markert i heile Europa. Årets tema er grøne reiser heile livet.

Veka varer frå 16. til 22. september og handlar om at alle skal ha tilgang til berekraftig transport gjennom alle livsfasar, frå ung til eldre.

I Bergen blir det fleire opne arrangement for både store og små gjennom veka.

Dette skjer under Mobilitetsveka i Bergen

Onsdag 16. september: Mekkekveld på Landås Sykkelverksted

Kl. 18.00-20.00,  Landås Sykkelverksted, Lægdesvingen 3

Velkomen til mekkekveld for alle interesserte på Landås Sykkelverksted. Her kan du få tips og hjelp til mellom anna bremseskift, girjustering og dekkskift, eller få hjelp dersom sykkelen lagar rare lydar eller ikkje fungerer som han skal. Det blir også enkel servering.

Torsdag 17. september: Felles SykkelLab

Kl. 17.00-20.00, Bergen Fellesverksted, Damsgårdsveien 227

Felles SykkelLab er ein gjer-det-sjølv-sykkelverkstad. Her får du tilgang til verktøy, hjelp og lokale for å reparere og vedlikehalde din eigen sykkel. Tilbodet er gratis og ope for alle.

Fredag 18. september: Felles SykkelLab

Kl. 17.00-20.00, Bergen Fellesverksted, Damsgårdsveien 227

Ekstra ope under Mobilitetsveka for alle som ønskjer å mekke på eigen sykkel.

Laurdag 19. september: Bilfri dag i Bergen sentrum

Kl. 11.30-15.00, Vaskerelven, Engen, Veiten og Øvre Ole Bulls plass

Bli med når delar av Bergen sentrum blir fylte med liv i staden for bilar. 

Det blir gratis aktivitetar for store og små, konsert med KaPling!, gjenbruksmarknad, gratis sykkelservice, sykkelshow med MOOW på Torgallmenningen og mykje meir.

Laurdag 19. september: Felles SykkelLab

Kl. 12.00-17.00, Bergen Fellesverksted, Damsgårdsveien 227, 5160 Laksevåg

Felles SykkelLab held fram med ekstra opningstid under Mobilitetsveka. Kom innom for å reparere eller vedlikehalde sykkelen din med hjelp frå frivillige.

Mobilitetsveka er Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Vi håpar du har lyst til å besøkje eit av arrangementa, og kanskje bruke veka til å prøve nye reisevanar ved å la bilen stå og heller gå, sykle eller reise kollektivt.

Les mer om: