Kristin Sunde og Asbjørn Sanden nytta høvet til å gi sykkelen sin ein vårsjekk. Sander Nielsen Kvåle er i gang med å registrere sykkelen sin hos Alvi Helland.
Kristin Sunde og Asbjørn Sanden nytta høvet til å gi sykkelen sin ein vårsjekk. Sander Nielsen Kvåle er i gang med å registrere sykkelen sin hos Alvi Helland.
Bilde: Trude Haugen

Stor interesse for Byt gir-kampanjen i Fyllingsdalen

Onsdag 29. april stod det kø utanfor varemottaket i Krokatjønnveien 11C før klokka var 10.00. Årsaka var Byt gir-kampanjen frå Miljøløftet, med tilbod om gratis sykkelservice.

Klokka 10.00 stod syklistar klare for å få registrert sykkelen sin til service. Heile 37 syklar blei leverte.
Klokka 10.00 stod syklistar klare for å få registrert sykkelen sin til service. Heile 37 syklar blei leverte.
Bilde: Trude Haugen

Og det var slett ikkje få som hadde teke med seg sykkelen denne dagen. Miljøløftet var nemlig på besøk i Fyllingsdalen, i bygget som mellom anna huser Bergen Vann og heimebaserte tenester, og baud på gratis sykkelservice. I tillegg hadde dei med seg el-syklar som kunne prøvast -òg mogleg å delta i trekning om å vinne.

Ny rekord!

Heile 37 personar nytta seg av tilbodet denne dagen. -Dette trur eg er rekord for bedriftsbesøk i år, seier sykkelreparatør Joakim Wallmark. Med seg hadde han Hans Petter Gangstøe. April Hagen og Alvi Helland hadde oversikt og heldt kontroll på alle syklane.

Byt gir er ein kampanje som Miljøløftet gjennomfører kvar vår. Målet er å nå ut til jobbreisande og motivere fleire til å velja sykkel eller el-sykkel til og frå jobb.

Miljøløftet er eit samarbeid mellom stat, fylke og fem kommunar om nullvekstmålet i bergensområdet – å hindre vekst i personbiltrafikken, sjølv om folketalet aukar. Dette skal oppnåast gjennom satsing på kollektivtransport, fleire gang- og sykkelvegar og betre arealbruk.

Du kan lese meir om kampanjen her: Byt gir – vel sykkelen

Sykkelreparatør Hans Petter Gangstøe og Joakim Wallmark hadde mye å gjøre på sitt midlertidige sykkelverksted i K11c
Sykkelreparatør Hans Petter Gangstøe (t.v.) og Joakim Wallmark hadde hendene fulle i den mellombelse sykkelverkstaden i Krokatjønnvegen 11 C
Bilde: Trude Haugen