Sti, stein og trær.
Litt av turvegen som svinger seg i Kanadaskogen.
Bilde: Elisabeth Skage

Velkomen til opning av turveg og grindbygg ved Gjeddevatn

I Kanadaskogen ved Varden idrettsanlegg, har ein vakker turveg teke form.

Den svinger seg langs berg og vakre furutre. Inn mot Steinalderplassen der eit tradisjonelt grindbygg har vorte reist. Frå Steinalderplassen kan ein halde fram på sti ned til ei naturleg sandstrand ved Gjeddevatn. 

Les mer om turvegen og grindbygget her.

Torsdag 19.november klokka 11.00 inviterer Bymiljøetaten til opning av turveg og grindbygg på Steinalderplassen. Me serverer bollar, jus og kaffi. Turvegen startar ved Varden idrettsanlegg. Rute 4 til Hesjaholtet har stopp like ved, og ellers er det stor parkeringsplass ved Varden.

Program 

11.00  Gå turvegen frå Varden inn mot Steinalderplassen 

11.15  Offisiell opning og talar ved grindbygget 

                Song ved borna på Allestadhaugen barnehage 

11.30  Bollar og leik i skogen og frivillig vandring ned til stranda ved Gjeddevatn 

Ta med ein ven og bli med i skogen. 

Velkomen!