To damer som sykler på Damsgård
STYRKE I SAMSPEL: Konferansen samordnar etablerte arrangement frå offentleg, frivillig og privat sektor.
Bilde: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Korleis skapar vi sterke, inkluderande og berekraftige lokalsamfunn – saman?

Bli med og utforske dette på Styrke i samspel-konferansen 15.–17. oktober.

Vi møtast i Bergen for fagleg påfyll, erfaringsutveksling og nettverksbygging, med mål om å styrke samhandling på tvers av sektor, fag og geografi. Programmet byr på spreke aktivitetar, spennande foredrag, inspirerande døme og tid til gode samtalar. 

Om konferansen 

Styrke i samspel 2026 samordnar etablerte arrangement frå offentleg, frivillig og privat sektor. Målet er å skape ein felles møteplass for fagpersonar, frivillige og beslutningstakarar innan folkehelsearbeid, samfunnsutvikling, idrett, friluftsliv og kultur.

Arrangørane er Idrettsklynge Vest, Alrek helseklynge og Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi. Saman utgjer dei over tjuefem organisasjonar innan folkehelse, samfunnsutvikling, idrett, kultur og friluftsliv. 

Påmeldinga er open 

Konferansen går føre seg i Bergen 15.–17. oktober. Sjekk program og meld deg på no