To damer som sykler på Damsgård
STYRKE I SAMSPEL: Konferansen samordnar etablerte arrangement frå offentleg, frivillig og privat sektor.
Bilde: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Meld deg på konferansen "Styrke i samspel" innan 1. oktober

Bli med på årets møteplass for folkehelse, idrett, kultur og frivilligheit under konferansen Styrke i samspel 15.–17. oktober.

Årets program byr på alt frå politiske samtalar og faglege foredrag til praktiske verkstader, posterutstilling, debattar og møteplassar for frivillige, fagfolk og studentar. Du får høyre frå dyktige innleiarar, møte engasjerte aktørar frå heile Vestland og utforske nye måtar å jobbe saman på.

Om konferansen 

Styrke i samspel 2026 samordnar etablerte arrangement frå offentleg, frivillig og privat sektor. Målet er å skape ein felles møteplass for fagpersonar, frivillige og beslutningstakarar innan folkehelsearbeid, samfunnsutvikling, idrett, friluftsliv og kultur.

Arrangørane er Idrettsklynge Vest, Alrek helseklynge og Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi. Saman utgjer dei over tjuefem organisasjonar innan folkehelse, samfunnsutvikling, idrett, kultur og friluftsliv. 

Påmeldingsfrist 1. oktober

Konferansen går føre seg i Bergen 15.–17. oktober. Sjekk program og meld deg på.