Foto av publikum under opning av skulptur utanfor Høgskulen på Vestlandet.
OPNING: Kunstverket «Skog vil seia samfunn» vart nyleg opna utanfor Høgskulen på Vestlandet. Rundt skulpturen er det planta tre som skal bli ein skog.
Bilde: Elin Reisæter

Opna kunst i miniskog

Ny skulptur vart opna i miniskog med støtte frå Bergen kommune.

Bergen kommune opna kunstverket «Skog vil seia samfunn» ved sida av Høgskulen på Vestlandet i Bergen, fredag 25. april. Kunstprosjektet er eit fleirårig samarbeidsprosjekt mellom kunstnaren Randi Nygård og kuratorprosjektet Volt.

Kunstverket er inspirert av ein metode for å plante miniskogar i byrom, utvikla av den japanske økologen og biologen Akira Miyawaki. Metoden går ut på å plante mange lokale treslag tett i tett på små område.

Desse skogane gjer at lufta vert reinsa, dei dempar støy, bind mykje karbon, og dei tiltrekkjer seg mange dyr og insekt. Desse skogane, også kalla lommeskogar, er rekna for å vere spesielt artsrike og livlege.

Skogen er planta i ei skråning på haugen ved Høgskulen på Vestlandet. Der går det ei lita steintrapp opp til ei lysning der ein rund elvestein står i midten. På elvesteinen står det ein organisk bronseskulptur. Lysninga er belagd med heller, og publikum kan gå opp og rundt skulpturen. Når skogen veks til, kan folk gå opp trappa og bli omslutta av greiner og tre, saman med kunstverket.

«Skog vil seia samfunn» er støtta av Rådet for kunst i offentlege rom i Bergen kommune med 850.000 kroner, samt av KORO. Volts program i 2025 er støtta av Bergen kommune og Kulturrådet.

Fakta: «Skog vil seia samfunn»

Kunstnar: Randi Nygård
Kurator: Marie Nerland
Bronsestøypt: Eirik Brøslid, Hageland Kunst- og Metallstøperi
Modellering: Hans Christian Skovholt og Lesya
Landskapsarkitekt: Anna Wathne, Asplan Viak
Stiklingar: Aboretet, Universitets­hagane, Universitetet i Bergen
Grunnarbeid og hellelegging: Evrika Subi, Jans Hageservice