Samling av bilder med glimt fra ulike deler av programmet: en rockemusiker, et maleri, en veteranbåt, et gammelt gårdstun, og tre musikere.
Kulturdagar i Arna byr på eit bredt program, mellom anna metal-konsert, tur med D/S Oster, biletutstillingar, opne lokale museum (her Ådnatun) og poesikonsert.
Bilde: Myscenesucks, Kolbjørn Valestrand, José Alejandro (måleri), privat foto, Blått svev.

Sjå programmet for Kulturdagar i Arna 19.–28. april

19.–28. april er det tid for dei årlege kulturdagane i Arna. Sjå det rikhaldige programmet her.

Kulturlivet i Arna er breidt, med ei rekkje frivillige organisasjonar og profesjonelle utøvarar. Breidde er og eit stikkord for årets kulturdagsprogram. Her finn du tilbod både for ungdommar, barnefamilien, den turglade og den historieinteresserte, samt eit stort utval utstillingar, konsertar og framsyningar. 

Sjå programmet

Bla deg gjennom programmet her.

Forside programbrosjyre

Du kan og laste ned programbrosjyren i pdf-format:   

OBS! Programendringar: Arrangementa Sundagsopen leir (Espeland fangeleir) og Open dag på Ådnahall UNG er diverre avlyst. 

Om du ønsker det kan du og følge med på Kulturdagar i Arna si Facebook-side.

Opning og prisutdeling 20. april

Offisiell opning av kulturdagane skjer laurdag 20. april kl. 18.00 i Arna kyrkje, i samband med konserten «Klassisk møter jazz». Byråd Reidar Digranes  deler ut årets kulturpris for Arna. Gratis inngang. Vel møtt! 

Frå metal-musikk til Jon Fosse 

I programbrosjyren sitt føreord, trekk kultursjef John Kristian Øvrebø fram eit knippe av årets høgdepunkt.  

Programmet byr på mange fine konsertar og framsyningar mange ulike stader. Mellom anna er det verd å få med seg poesikonserten “Blått svev”, der skodespelar Hildegun Riise les opp dikt av Jon Fosse, til nyskriven musikk av Benedicte Maurseth (hardingfele) og Sigbjørn Apeland (trøorgel). 

For ungdom er det og særleg musikktilbod som skil seg ut i år. Vil du lage musikk sjølv, kan du ta turen innom Ådnahall UNG. Vil du heller gå på konsert, kan du velje mellom konserten Fresh Music, eller metal-konsert med Forcefed Horsehead og Reveria. 

Familiefestivalen med Beatus Cras på Ytre Arna stadion gjev deg både ei gøyal familieoppleving og eit møte med polsk kultur.

På open dag og hagedag på Soltun besøksgard kan du kome og sjå korleis Andreas og Renate forvaltar denne frodige staden på planeten.

Historiebevisstheita er til stades under fleire arrangement, mellom anna Kulturdagen i Ytre Arna og ulike historievandringar. Det blir og fotovandring, i tillegg til tur med veteranbuss, veterantog og dampskip. 

Det blir mange flotte utstillingar, til dømes biletkunstnarane Grethe Berge og Kjell Stig Amdam si utstilling i Ådnatun museum, og ikkje minst fleire sosiale møteplassar der du kan møte folk og drikke kaffi.

Om Kulturdagar i Arna

Kulturdagar i Arna er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom kommunen og kultur- og organisasjonslivet i Arna. Arna og Åsane kulturkontor fungerer som koordinator og tilretteleggjar, medan lag, organisasjonar og andre kulturaktørar står ansvarlege for dei ulike arrangementa.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Arna og Åsane kulturkontor. 

Meir info om ulike kulturdagar i Bergen finn du her.

 

Les mer om: