Garnes ungdomsskule tok det nye bygget i bruk 5. januar i år. Torsdag 19. februar var det klart for offisiell opning. Denne dagen var Allmenningen – aulaen til skulen, fylt til randen av elevar, lærarar, tilsette og ei rekkje inviterte gjester. Fleire avdelinger i kommunen har vore involvert i arbeidet med skulen, mellom anna Etat for utbygging.
Endeleg heime igjen
– No står vi her – i ein ny, moderne og romsleg skule. Dette er stort for Arna etter mange år med venting, sa rektor Ragnhild Joan Kaarstad då ho ønskte alle velkommen.
– La oss bruke denne dagen til å markere – men òg til å sjå framover. Her skal vi skape tryggleik, kunnskap, fellesskap og gode minne i mange år framover. Garnes ungdomsskule er endeleg heime igjen, sa Kaarstad.
SE VIDEO FRÅ OPNINGA:
Til opningfesten kom både finansbyråd Eirik Tennfjord og skulebyråd Daniel Hägglund.
– Denne skulen blir eit stort og velfortent løft for Indre Arna, og saman med symjehallen vil han verkeleg bli eit hjarte i nærmiljøet, sa skulebyråden.
– No har de allereie brukt skulen i om lag ein månad, og eg har fått høyre at de trivst. De skal vite at de er utruleg heldige som får gå på ein så flott og moderne skule. Her har de både musikkrom, forskarrom og eit stort auditorium. Og ikkje minst: ei nydeleg utsikt over Arnavågen frå taket, sa Hägglund.
I byggeperioden som starta i 2022, heldt elevar og tilsette til i lokala til tidlegare Arna gymnas på Garnesstølen. Den gamle skulen er no riven.
Det nye skulebygget har meir eller mindre den same grunnflata som den opphavelege skulen, men er ein etasje høgare. Areala på skulen er utforma med tanke på fleirbruk.
Betra trafikktryggleik
I samband med bygging av skulen har kommunen gjort fleire tiltak for betre tryggleiken for trafikantane rundt skulen. Blant tiltaka er nye fortau, flytting av avkjørslar, tilrettelegging for skulebuss og parkering.
FAKTA/ GARNES UNGDOMSSKULE
- Skulen har plass til 520 elevar, inkludert ei heilt ny forsterka avdeling tilrettelagt for 20 elevar på 1.-10. trinn.
- Delar av idrettsbygget er rehabilitert med mellom anna nytt 25-meters svømmebasseng.
- Store delar av skulen er bygd i massivtre.
- Bygget er sertifiserast etter BREEAM-NOR Very Good og har passivhus-standard.
- 37 energibrønnar som er 300 meter djupe forsyner bygget med varme.
Total investeringsramme for skulen og idrettsbygget med svømmehall: 806 millionar kroner - Totalentreprenør: Skanska. For rekkefølgekrav: SartorDrange
- Arkitekt: Terje Grønmo arkitekter as
- Prosjekteringsgruppe: Malnes & Endresen AS
Les meir om Garnes ungdomsskule: