Gå tilbake til:
Du er her:
Perspektivskisse av nye Garnes ungdomsskule
Den nye skulen skal i all hovudsak byggast i massivtre.
Bilde: TERJE GRØNMO ARKITEKTER AS

Byggeprosjekt Garnes ungdomsskule

Garnes ungdomsskule skal rivast og erstattast med eit nybygg for 500 elevar med ei forsterka avdeling for 20 elevar. Idrettsbygget vert verande.

Status: Planleggingsfase

Kommunen tar atterhald om at det ikkje er fatta endeleg gjennomføringsvedtak for prosjektet.

Prosjektskildring

Tilstanden på det eksisterande skulebygget er dårleg. Etter utgreiing av ulike alternativ er det vedtatt å rive det eksisterande bygget og erstatte det med eit nybygg.

Fugleperspektiv på ny Garnes ungdomsskole
Skisse som viser bygningen frå lufta.
Bilde: TERJE GRØNMO ARKITEKTER AS

Nybygget skal hovudsak utførast i massivtre, med unntak av underetasje og heissjakter som skal utførast i betong. I byggeperioden skal drifta av Garnes ungdomsskule ha tilhald i erstatningslokale i tidlegare Arna gymnas.

Illustrasjon av Garnes ungdomsskule sett frå lufta
Perspektivskisse av skulen og idrettsanlegget frå lufta.
Bilde: TERJE GRØNMO ARKITEKTER AS

Nybygget vil ha om lag det same fotavtrykket som den eksisterande skulen, men vil vere ein etasje høgare. Bygget blir delt i to innvendig med eit kommunikasjonsareal. Her vil heimeområda til elevane ligge mot aust. Alle spesialrom, bibliotek og stort formidlingsrom vil ligge mot vest.

Illustrasjon av Allmenningen inne i nye Garnes ungdomsskule.
Allmenningen midt i skulebygget. Det nye skulebygget legg til rette for fleirbruk.
Bilde: TERJE GRØNMO ARKITEKTER AS

Kantina, kjøken og forskarrom er strategisk plassert i 1. etasje med direkte utgang til uteareal med kjøkenhage. Skolens administrasjon ligg plassert i 2. etasje, saman med skulehelsetenesta.

Elevenes heimeområde er fordelte utover dei tre øvste plana, kor alle har desentraliserte inngangar. Arbeidsplassane til lærarane er desentraliserte og plasserte i kvar etasje.

Den forsterka avdelinga har behov for å kunne skjermast og er plassert i underetasjen. Det gir høve til å skjerme elevane når dei kjem til skulen og utearealet deira. Elevane på avdelinga har full tilgang til skulen elles.

Areala på skulen er utforma med tanke på fleirbruk. Hovudinngangen vil føre rett inn i vestibylen. Vestibylen har dobbel etasjehøgd med golv-til-tak-vindauge. Det er vid utsikt mot vest.

Bygget skal sertifiserast etter BREEAM-NOR Very Good og ha passivhus-standard. Energibrønnar skal forsyne bygget med varme.

Fakta

  • Prosjekttype: Riving og nybygg
  • Adresse: Garnesvegen 88, 5260 Indre Arna
  • Antatt tilbudsinnbyding entreprenør for riving og nybygg: Mars 2022
  • Antatt igangsettelse rivning: planlagt i løpet av 4. kvartal 2022 (riving)
  • Byggetid: ca. 2,5 år (eksl. rivningstid).
  • Entreprise/gjennomføringsmodell: Totalentreprise (basert på forprosjekt)
  • Areal: ca. 9000 m²
  • Miljø og klima: BREEAM Very Good, massivtre, fossilfri byggeplass, utslippsfri byggvarme og -tørk, en andel utslippsfrie gravemaskiner, lokal energiproduksjon samt lokal og felles varmesentral for flere nærliggende kommunale bygg.
  • Arkitekt: Terje Grønmo arkitekter as
  • Prosjekteringsgruppe. Malnes & Endresen AS
  • Total investeringsramme: 806 mill.

Prosjektleiar i Etat for utbygging: Geir Garlid