Bergen Rådhus
BERGEN RÅDHUS: Med sine 51,2 meter er rådhuset kjent, markant og synleg bygg i bybildet. 18. mars er bygget 50 år.
Bilde: Ola Henning Målsnes

BERGEN RÅDHUS: I lokaldemokratiet si teneste i 50 år

Besøker du Bergen kan du knapt unngå å sjå Bergen Rådhus. Ein 51,2 meter høg murkoloss midt i Bergen som er både elska og hata. 18. mars er det markante bygget 50 år.

Midt i Bergen, 51 meter høgt og med 10-tusen kvadratmeter fordelt på 14 etasjar. Bygget husar politiske prosessar, lokaldemokrati i praksis og organisering av tenester og tilbod til innbyggarane i Bergen.

Det 50 år gamle massive bygget er arbeidsplassen til om lag 500 politikarar og administrativt tilsette, og bak dei grå murveggane skjuler det seg i dag eit heilt moderne og nyoppussa opent kontorlandskap. Vegen dit har vore både omstridd og dramatisk.

Det åttande byfjell

Den 18. mars er det 50 år sidan ordførar Eilert Eilertsen flytta inn i det heilt nye Bergen Rådhus.  Bygget hadde allereie før det blei bygd både vunne prisar for sin arkitektur, men og klart å skape ein oppheta debatt.

- Dette er eit bygg som har vore omdiskutert i alle tider.  Det var underskriftskampanjer mot at det skulle byggast i utgangspunktet, og det har vore fleire forslag om riving, fortel byarkitekt i Bergen, Maria Molden om bygget som har blitt kalla byens åttande byfjell grunna sin ruvande framtoning.

Teikning Bergen Rådhus
VANN ARKITEKTKONKURRANSEN: Arkitekten Erling Viksjø vann med forslaget "Gård i gård". Konseptet danna grunnlaget for dagens Bergen Rådhus. Viksjø døydde i 1971, to veker før byggearbeida blei igangsett. Første byggetrinn av rådhusanlegget, Høyblokken, sto ferdig i 1974. Dei øvrige delane av anlegget er ikkje realisert.
Bilde: Bergen kommune

 Ville sikre attraktiviteten til Bergen

Bygget er teikna av Erling Viksjø, den samme arkitekten som står bak mellom anna bybrua i Tromsø, Regjeringskvartalet i Oslo og den mykje omtala Y-blokka som vart riven i 2021.

Avisside
SYMBOLBYGG: Avisartikkelen frå Morgenavisen viser tydeleg korleis ein meinte det var viktig å tenke nytt og dristig når eit nytt rådhus skulle byggast.
Bilde: Arkivene etter Morgenavisen

Plasseringa var midt i det som i århundrer har vore byens administrative sentrum.

- Det var eit dristig valg å gå for å bygge noko så moderne og annleis. Men med eit modernistisk bygg ville ein vise at Bergen var ein fremtidsretta by, og dét skulle bidra til å sikre attraktiviteten til Bergen, seier Molden.

Rådhuset blei bygd trass i protestar, og i 1974 kunne kommunetilsette og politikarar flytte inn i det 51,2 meter høge bygget i betong kledd med elvestein. 

Full evakuering

Den utvilsomt mest dramatiske hendinga i Bergen Rådhus si historie fann stad i 2018. Då blei alle på rådhuset evakuert etter at det vart avdekka skadar i konstruksjonen. 

350 rådhustilsette fekk ein dag på seg til å pakke med seg det dei trong og flytte ut av bygget. Det var ikkje trygt å opphalde seg der.

Ulike alternativ vart vurdert, men ein landa på å pusse opp bygget. Etter ei omfattande totalrenovering kunne rådhuset i juli 2022 endeleg takast i bruk igjen. Omlag 500 tilsette flytta inn i et nyoppussa bygg med aktivitetsbaserte arbeidsplassar. 

- Ein kan vel seie at det var Co2-rekneskapet som redda bygget. God ombruk er bærekraftig. Her har vi klart å vare på og omsyn til 70-talls detaljar, samtidig som ein har klart å løfte korleis ein jobbar, seier Molden.

Over til moderne arbeidsplasskonsept

I rehabiliteringa av rådhuset gjekk ein vekk frå cellekontor, og over til eit moderne arbeidsplasskonsept med aktivitetsbaserte løysingar. Det gav plass til fleire tilsette i huset, samtidig som ein fekk betre eigna lokaler, tilpassa moderne arbeidsformer. Bygget rommar også kantine, treningssenter og garderobar.

- Vi er svært stolte over slik det har blitt! Evalueringar viser at dei aller fleste tilsette er nøgd og trivs godt, sjølv om omgrep som “clean desk” og “free seating” var nytt for mange, seier rådhusforvaltar Vidar A. Stusdal Fyllingsnes. 

Kontorlokaler Bergen rådhus
MODERNE KONSEPT: Alle kontoretasjar har lik utforming med åpne landskap med pultar, stillerom og større og mindre møterom. Etasjane har også ei sosial sone.
Bilde: Bergen kommune

Inspirerer andre

Han fortel at Bergen kommune stadig får besøk frå bedrifter og organisasjonar som er interessert i og blir inspirert av det nye arbeidsplasskonseptet i rådhuset.   

- Slik sett har vi jo klart å bevare nettopp litt av den grunntanken som låg bak bygginga, nemleg eit rådhus som representerer det moderne og attraktive.

No står Rådhuset klar for nye 50 år i lokaldemokratiets teneste. 

NØKKELFAKTA:

Bergen rådhus med skilt på ruta som viser tallet 50
FEIRAR FEMTI: Bergen Rådhus er pynta med jubileumsdekor i høve markeringa av at det er femti år sidan innflyttinga.
Bilde: Bergen kommune
  • 14 etasjer 
  • 10.468 m2. 
  • 51,2 m høyt 
  • 13,6 m bredt 
  • 47,95 m langt. 
  • Bygget 1971-1974.  
  • 2019 til 2022 var rådhuset under rehabilitering
  • 1. juli 2022 kunne ansatte og politikere flytte inn igjen i bygget.