Et drivhus laget av gamle materialer som tak og teglstein
STØRSTE INVESTERING I 2023: Dette drivhuset er laga av gamalt tak på lærarhøgskulen. Drivhuset utgjer ein liten del av det som var den største investeringa i 2023: 205 millionar kroner gikk med til prosjektet Bergen inkluderingssenter i fjor.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Positivt driftsresultat på 171 millionar i 2023

Bergen kommune fekk eit positivt netto driftsresultat på 171 millionar kroner i 2023. Det viser den førebelse rekneskapen.

Driftsresultatet utgjer 0,6 prosent av driftsinntektene. I sum er dette 38 millionar kroner lågare enn det budsjetterte driftsresultatet på 208 millionar kroner.

LAST NED

Lågare skatteinntekter

Skatteinntektene vart 63 millionar kroner høgare enn det som låg til grunn i justert budsjett per 2. tertial. Inntektene frå skatt er likevel 5,4 prosent lågare enn i 2022. Saman med auka rammetilskot, høgare statstilskot knytt til flyktningar frå Ukraina og auka renteinntekter blei dei sentrale meirinntektene til kommunen på om lag 200 millionar kroner.

– Eg er glad for eit positivt driftsresultat, men tala er òg langt frå kommunens mål om eit resultat på 1,7 prosent av driftsinntektene. Vi ser no ein sterk utgiftsvekst i fleire viktige tenester. Veksten i til dømes tenester til eldre er venta å auke ytterlegare i åra som kjem.  For å handtere dette i framtida er byrådet godt i gang i arbeidet med å gjennomgå oppgåvene til kommunen og få på plass eit prosjekt som skal få ned sjukefråværet, seier finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad.

Meirforbruk i tenester til eldre, skule og barnevern

Samla har tenesteområda eit meirforbruk på 239 millionar kroner. Kommunen opplever sterk vekst i etterspurnaden etter fleire tenester. Særleg gjeld dette tenester til funksjonshemma, spesialpedagogiske tenester, sosialhjelp og tenester til rusavhengige og bustadsløse.

Arbeidet med å busette flyktningar frå Ukraina har dobla utgiftene til introduksjons- og tolketenestene. Desse utgiftene er fullt finansierte gjennom tilskot frå staten.

Bergen kommune gjennomførte ikkje-avgiftsfinansierte investeringar for 2,6 milliardar kroner i 2023. Det er om lag på same nivå som justert budsjett. Dei avgiftsfinansierte investeringane var på 763 millionar kroner i 2023. Det er òg på om lag same nivå som justert budsjett.

Bergen kommune gjer merksam på at rekneskapen er førebels sidan han ikkje er revidert. Utfyllande detaljar om økonomien til ulike tenesteområda vert kjente når årsmeldinga vert offentleg etter påske.