Bossmann tømmer bosset i ein elektrisk bossbil
SAMFUNNSKRAV: Når bosset til kommunen takast hand om, er det krav om elektrisk bossbil i sentrum, minst ein lærling og at minst ein person utsett på arbeidsmarknaden er med på å løyse oppdraget gjennom arbeidsinkludering.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Slik tek kommunen samfunnsansvar når vi kjøper inn

Bosset vårt skal minst ein lærling jobbe med å handtere. Nokon som slit med å komme i arbeid skal få prøve seg på byggeplassen. Kommunen brukar marknadsmakta vår til å ta samfunnsansvar på mange felt.

Som forbrukarar kan vi alle vere med på å ta samfunnsansvar ved å velje produkt som ikkje skadar miljøet eller som me veit er produsert på ein måte som tar omsyn til arbeidarane. Bergen er også ein stor forbrukar av både varer og tenester. Når kommunen skal gjere innkjøp, stiller vi fleire krav til dei som ønsker å få kontrakt med oss.

Føregangskommune

Bergen kommune har eit mål om å vere ein føregangskommune når det gjeld samfunnsansvar. Å ta samfunnsansvar betyr å støtte opp om alt som driv verda i rett retning. Det handlar om å respektere menneskerettane, unngå skadar på miljø, trygge gode arbeidsforhold, motverke korrupsjon og så vidare.

Klima, miljø og samfunnsansvar er eit satsingsområde når kommunen skal gå til innkjøp av varer og tenester. Bystyret har vedtatt denne satsinga i samband med den nyaste strategien kommunen har for anskaffingar.

Les meir om anskaffingsstrategien til kommunen

Set krav til leverandørane

Kommunen anskaffar og kjøper årleg varer og tenester for vel sju milliardar kroner. Dette fordeler seg nokolunde jamt på klassiske vare- og tenestekjøp og kjøp av bygg- og handverkartenester. Gjennom anskaffingar kan kommunen også jobbe med politiske målsetnadar gjennom dei krava vi set til leverandørane våre.

Sjå oversikt over rammeavtalar og krav som er sette

Dette er nokre døme på kva krav Bergen kommune stiller i kontraktane våre:

  • Krav om løns- og arbeidsvilkår
  • Krav om å løyse oppdraget med lærlingar
  • Krav om å løyse oppdraget med arbeidsinkludering
  • Krav om seriøsitet i byggebransjen
  • Krav om miljøvennleg transport
  • Krav om at produkta har ei merkeordning
  • Krav til sirkularitet og avfallshandtering
  • Krav til miljø og klima
  • Krav om universell utforming
     

Lærlingkrav
 

Byggeplassen til nye Garnes ungdomsskule
BYGGEPLASS: Her reiser nye Garnes ungdomsskule seg. Ein tidel av timane på byggeplassen skal utførast av lærlingar. Og det er òg sett krav til fossilfrie og utsleppsfrie maskinar. Ei regndrope har sett seg på linsa denne morgonen.
Bilde: Byggekamera / Etat for utbygging

 Gjennom å stille krav om bruk av lærlingar kan kommunen som innkjøpar vere med på å sikre at unge menneske får fagopplæring i bedrift. Bergen kommune kan stille krav om at leverandørane i relevante kontraktar er godkjende læreverksemder og at ein eller fleire lærlingar arbeider for å gjennomføre kontrakten.

I 2022 hadde kommunen krav om bruk av lærlingar i 80 kontraktar. Dei fleste av desse var innan bygg og anlegg, men det var også sett slikt krav i tenestekontraktar.

I fleire kontraktar med entreprenørane er det stilt krav om at ein tidel av arbeida skal utførast av lærlingar. Andre døme er at minst éin lærling skal vere med på å løyse oppdraget med å ta hand om bosset frå kommunen og levere sengetøy til sjukeheimane våre.

Inkluderande arbeidsliv

Det er mange i Noreg som står utanfor arbeid og utdanning. Sidan 2017 har Bergen kommune hatt ein instruks om at vi skal bruke reserverte og inkluderande kontraktar når vi gjer innkjøp. Inkluderande kontraktar er brukt på område som bygg, golvlegging, transporttenester, vaskeri, matvarer, trykk og kantine.

Gjennom å stille krav om arbeidsinkludering kan kommunen bidra til at fleire menneske får høve til å kome seg ut i arbeid. Bergen kommune 72 pågåande reserverte og inkluderande kontrakter. Av desse er fem reserverte og 67 inkluderande.

 Reserverte kontraktar er oppdrag til verksemder som har som føremål å integrere funksjonshemma eller menneske med andre utfordringar i arbeidslivet. Inkluderande kontraktar vert løyste av ordinære verksemder, men personar med utfordringar i arbeidsmarknaden kan få høve til å delta i å gjere jobben.

Miljøkrav og etisk handel

Fem barn og en voksen mann i et fotballmål. En jente holder en fotball opp som er fairtrademerket.
FAIRTRADE: Kommunekaffien har vore det lenge, men no kjøper Bergen kommune òg inn fotballar som er fairtrademerka.
Bilde: Sølvrev (fra video)

Bergen kommune har som mål at byggeplassane våre om to år skal vere heilt frie for utslepp. Som ein del av arbeidet med å nå dette målet er det stilt fleire krav om kva utslepp maskinar har.

 Arbeidet med Garnes ungdomsskule har kome eit godt stykke på veg og nært utsleppsfritt. I denne kontrakten er det også krav om lærling og arbeidsinkludering.

Ein elektrisk varebil med logoen til kommunen på døra
77 PROSENT: Bilparken til Bergen kommune består no av 77 prosent elektriske køyrety.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Når kommunen kjøper blomar er det krav om at leverandøren har fairtrademerking. Det er ei merkeordning for etisk og rettferdig handel. Etisk og rettferdig handel er også noko kommunen ser etter når vi kjøper fotballar. 

Bergensarane tar miljøomsyn når dei kjøper seg bil. I mars 2023 var 37 prosent av bilparken i Bergen elektrisk. Bilparken til Bergen kommune som verksemd er no 77 prosent elektrisk.