Etter mange år med utgreiingar og ulike forslag har det ikkje lukkast å landa ei løysing for realisering av ny godshamn utan vesentleg tilførsel av kapital frå eigarane. Med bakgrunn i denne utfordringa, og eit ønske om å nytta regulert næringsareal til næringsutvikling med positive ringverknadar lokalt og regionalt, tok Øygarden kontakt med Bergen sommaren 2025. Dette vart gjort for å sondera korleis kommunane saman kan bidra til å få framgang i prosessen.
Ivareta godstransport og sikre utvikling
Finansbyråd i Bergen, Eirik Tenfjord, seier han ser fram til god dialog vidare. Han er svært nøgd med å finna løysingar som inneber både ei relokalisering av godshamna til Ågotnes, realisering av byutviklinga på Dokken og samstundes legg til rette for næringsutvikling i regionen.
– Vi har diskutert korleis kommunane kan nytta eigarposisjonane sine i Bergen Havn AS på ein måte som sikrar utviklinga på Dokken og på Ågotnes, og samstundes ta vare på den viktige godstransporten på sjøen, seier Tenfjord.
Kommunane er no samde om å greia ut ei løysing som sikrar framdrift gjennom blant anna aksjetransaksjonar, og der Bergen kjøper Øygarden sine aksjar i hamneselskapet for at Øygarden skal kunna finansiera ein større aksjepost i Bergen Havn Ågotnes AS. Gjennom dette selskapet tar Øygarden ansvar for utviklinga av ei ny regional godshamn saman med hamneselskapet og næringslivet.
Til nytte for heile regionen
Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, har stor tru på denne løysinga.
– I Øygarden har vi eit godt og tett samarbeid med næringslivet, og eg er trygg på at vi saman skal finna ei god løysing som er tenleg for næringslivet, sjøtransporten og det regionale hamneselskapet, seier Tom Georg Indrevik.
Han understrekar at dette er ei løysing som er til nytte for heile regionen, og rosar Bergen kommune for konstruktiv tilnærming i ei kompleks og vanskeleg sak.
Skal løftast til bystyret og kommunestyret
Det vil bli lagt opp til eit felles saksgrunnlag som bystyret i Bergen og kommunestyret i Øygarden får til behandling i løpet av våren. Bergen og Øygarden kommune vil vidare ta initiativ til å gjennomføra eit eigarmøte i Bergen Havn AS i nær framtid for å gje ei nærmare orientering i saka.