Kommunen ønskjer at tilskotsordninga for urbant landbruk skal stimulere til at fleire går saman om å dyrke etelege vekstar i byrom, parkar og bumiljø. Då kan vi få ein grønare by, gode nabomiljø og nye møteplassar.
Kommunen ønskjer at tilskotsordninga for urbant landbruk skal stimulere til at fleire går saman om å dyrke etelege vekstar i byrom, parkar og bumiljø. Då kan vi få ein grønare by, gode nabomiljø og nye møteplassar.
Tilskuddsomgangen vert publisert i tilskuddsportalen kvart år, sjå lenke til tilskuddsportalen nederst på denne nettsida.
Søknadsfristen i 2022 er 1. mars (midnatt).
Lag, foreningar, institusjonar, borettslag og sameie som ønskjer å ta i bruk areal til dyrking av etande vekster/nyttevekster eller birøkt i byen.
Sjå i parsellhagehåndboka på nettsida vår korleis du organiserer eit lag og gjer avtale om leige av areal.
Du må bu i Bergen og ha et organisasjonsnummer for å kunne søke. Kommunen vil prioritere bruken av midlane til felles dyrkingsprosjekt, til dømes etablering av parsellhagar og tiltak for barn og unge.
Søknad sender du gjennom tilskotsportalen til Bergen kommune, tilskudd.bergen.kommune.no
Slik er søkeprosessen
Gjennom ordninga kan du få tilskot til dette:
Målet er å auke innbyggjarane sine kunnskaper om matproduksjon, og legge til rette for ein grønare by, gode nabomiljø og attraktive møteplassar som kan gje høve til aktivitetar på tvers av alder, kjøn og opphav.
Bystyret vedtok i oktober 2019 ein kommunal strategi for arbeidet med urbant landbruk:
Søkeord: tilskudd urbant landbruk bergen
Bybonden i Bergen er ein viktig samarbeidspartner for Bergen kommune.
Nabolag, organisasjonar og grupper som treng råd om urban dyrking kan ta kontakt med Bybonde Ida Kleppe (ida.kleppe@bondelaget.no). Ho kan gi råd over telefon eller epost, og i nokre tilfeller også kome på synfaring til potensielle dyrke-prosjekt.
Sjå gjerne nettsida Bybondenibergen.no eller følg Bybonden i Bergen på Instagram og Facebook.
Etablere ein parsellhage?
Vi viser også til parsellhagehåndboka for råd om etablering og drift av parsellhagar.
Les meir om etablering av parsellhagar på nettsida “Bergen kommune - Starte en parsellhage - Håndbok i parsellhagedrift”