Du søker via Bergen kommunes tilskuddsportal. Retningsliner for den enkelte ordninga finn du i portalen.
For tilskotsordninga sikring og istandsetjing av freda eller verna fartøy er midlane lyste ut under føresetnad av at Riksantikvaren tildeler Bergen kommune midlar over fartøyvern/SAVOS-ordninga.
Spelemiddelordninga til lokale kulturbygg
I tillegg til dei kommunale tilskotsordningane kjem den nasjonale spelemiddelordninga til lokale kulturbygg. Ordninga skal vere med på å etablere eigna bygningar, lokale og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd. Les meir om ordninga og korleis søknadsprosessen skjer her: www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/ Ordninga er forvalta av Vestland fylkeskommune og søknader blir sende via Bergen kommune for fagleg vurdering og prioritering.