Mobbeombudet i Vestland

Hildegunn Hodneland og Aina Drage er mobbeombod for barn og unge i Vestland. Vi jobbar for at barn skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om eit barn ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt. 

Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på  https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/hjelp-i-skulekvardagen/mobbeombodet/