Tysdag morgon arrangerte Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskap i Bergen kommune ei øving i samvirkesenteret. Representantar frå ulike avdelingar i kommunen, naudetatane, frivillige organisasjonar og private aktørar møttest. Dei samla seg for å trene på ulike hendingar som kan skje når mange folk er samla tett i tett.
Årviss tradisjon
– Samvirke er naudsynt for å ha god beredskap. Ingen av samfunnsaktørane, som kommune, politi, brannvesen eller helsevesen, kan handtere store hendingar åleine, seier beredskapssjef Agnar Tveten i Bergen kommune.
Han forklarer at samvirke er ein metode dei brukar i beredskapsarbeidet når fleire aktørar med sjølvstendig ansvar er involverte. Samvirkesenteret er lokalet der dei ulike deltakarane sit rundt same bordet. Det er etter kvart blitt ein årviss tradisjon å halde samvirke på grunnlovsdagen.
Byens største arrangement
– 17. mai er ein god dag å ha samvirkesenter fordi vi er nøydde til å ha ein beredskap for store arrangement. Og 17. mai er det største arrangementet vi har i Bergen gjennom året, seier Agnar Tveten.
På ein slik stor dag skjer det alltid små og store ting som må takast hand om. For alle som er med i samvirkesenteret gir dagen god øving sjølv om det ikkje skjer større hendingar.
Felles forståing
– Eit vanleg døme er at barn som kjem bort frå foreldra sine. Det er noko vi opplever kvar 17. mai, seier Agnar Tveten.
Eit samvirkesenter er ikkje ei permanent forsamling. Eit slikt senter kan opprettast ved større hendingar og arrangement. Målet er at alle relevante aktørar kan sitje saman, dele informasjon og handtere hendingar ut frå eit felles bilete av situasjonen.