Et gammel murbygg som er revet fra innsiden
FORSIKTIG, FORSIKTIG: Av omsyn til dei freda klosterruinane må rivearbeidet gjerast svært skånsamt og manuelt med riverobotar. Tårnfoten og Korkapellet skal vernast og beskyttast under heile arbeidet.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Berre skalet att av sølvvarefabrikken

No er det berre nokre ytterveggar som står att av den gamle sølvvarefabrikken. Her skal klosterhistoria på Nonneseter betre fram i lyset. Og til neste år vil eit nytt byrom stå klart på tomta.

Det er Bybanen Utbygging som er byggherre for arbeida, men Bergen kommune er grunneigar av den tidlegare sølvvarefabrikken. I 2020 kjøpte kommunen fabrikkbygget og den tilhøyrande leigegarden med eit føremål: Å rive dei og få betre fram klosterruinane.

Byggeplass med klosterruin
TÅRNFOT: Haldeplassen på Nonneseter er stengd mens arbeida pågår. Til høgre ser du tårnfoten til det gamle klosteret som vil bli meir synleg når arbeida er ferdige.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Fabrikkbygget stod tett mellom to delar av det som er att av det tidlegare benedikterklosteret frå tida 1148-1507. Gjennom å rive bygget kjem både tårnfoten og korkapellet betre fram.

Arbeida med å rive tok til 23. februar og har halde fram til fellesferien 2026. Når rivearbeida er ferdige, skal det byggast opp eit nytt byrom som skal vere klart i 2027. Eit anna viktig resultat er betre plass i Kaigaten for kollektivreisande og andre mjuke trafikantar.

Skisse som viser hvordan området ved Nonneseter skal bli
SLIK BLIR DET: Slik vil det bli sjåande ut når fabrikkbygget er borte og nytt byrom er på plass.
Bilde: Norconsult

Du kan lese meir om prosjektet og sjå fleire bilete og illustrasjonar her: