Fire hender deler eit måltid
VERTSFAMILIE: Det å kunne vere med og dele eit måltid med nokon lyser opp kvardagen. Kommunen treng vertsfamiliar som har hybel til ungdom.
Bilde: Pexels

Vil du vere ein viktig vaksen i livet til ein ungdom?

Barneverntenesta for einslege mindreårige flyktningar (EMF) søkjer vertsfamiliar til unge flyktningar mellom 18 og 20 år som skal etablere seg på eiga hand i Bergen.

Vi ser etter deg som har ein godkjend hybel eller leilegheit tilknytt eigen bustad, og som ønskjer å bidra med støtte, inkludering og fellesskap i kvardagen.

Akkurat no søkjer vi i Åsane

Vi søkjer ein vertsfamilie i Åsane til ein ungdom som snart fyller 18 år.

Ungdommen ønskjer seg trygge vaksne i nærleiken og eit inkluderande fellesskap. Det kan vere nokon som spør korleis dagen har vore, inviterer på middag av og til eller tek med ungdommen på små aktivitetar i kvardagen.

Kva får du som vertsfamilie?

  •  Husleige
  • Arbeidsgodtgjering
  • Rettleiing og oppfølging frå EMF

Slik blir du vertsfamilie

Godkjenningsprosessen omfattar: 

  • Intervju
  • Teiepliktserklæring
  •  Politiattest

Ta kontakt for ein uforpliktande prat

Kontakt Barneverntenesta for einslege mindreårige flyktningar (EMF) på telefon 55568670 eller e-post: barneverntjenestenemf@bergen.kommune.no