YA
Vår fargerike vestibyle fortel litt om skulen vår! Vennskapstreet med hendene våre syner korleis vi passar saman, og flagga i taket syner mangfoldet vårt.
Bilde: Torunn Reistad Skurtveit

Pedagogiske planar ved Ytre Arna skule

Skulen sitt store oppdrag er danning og utdanning! På YA jobbar vi saman som eit team, for at skulen skal halde høg kvalitet som ein varm og inkluderande stad for både leik og læring for alle.

I skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap har dei tilsette dei siste åra arbeidd fram nokre dokument som vi bruker i vår planlegging, refleksjon og videreutvikling av kvaliteten ved både skulen og SFO. Desse planane blir hos oss kalla standardar. 

Ein standard på YA er eit “levande” dokument, som fortel om pedagogiske mål, arbeidsmåtar og anna i praksisen vår. Dei blir evaluert og justert minst ein gong i året i skulen sine kvalitetsutviklingsmøter, der elevråd og FAU deltek saman med alle dei tilsette. Standardane er sjølvsagt tufta på læreplanen LK20 og på kommunen sine kvalitetsplanar. For dei tilsette er standardane nyttige verktøy i deira profesjonelle samarbeid, for å lage og videreutvikle god undervisning og eit trygt skulemiljø. 

Det pedagogiske årshjulet syner ei oversikt over våre satsningar og pedagogiske prosessar. Desse blir konkretiserte gjennom dei ulike standardane, der mykje er felles for skulen og noko er på trinn eller avdeling. 

SFO er sjølvsagt og ein del av dette arbeidet, og standard for trygghet og trivsel omhandlar alle på YA,  dei vaksne inkludert. I tillegg har SFO sin eigen standard for arbeidet på SFO.