MatteMaraton 2023

Vårens vakraste eventyr og Noregs største skulekonkurranse blir arrangert i mai, og Ytre Arna skule er sjølvsagt med!

Matematikk

MatteMaraton skal fremme engasjement for realfaga. Her møter elevane oppgåver innafor alle emne i matematikk. Gode problemløysingsoppgåver og matematikk i praksis krev elevar som er uthaldande og kreative. Målet er 200 oppgåver på eit valt nivå, då har ein fullført ei maratonløype.

Fysisk aktivitet

I tillegg har MatteMaraton ein aktivitetsdel, med formål å auke fysisk aktivitet. Elevane loggar all aktivitet, som å gå eller sykle til skulen, aktivitet i friminutta, trening og turar. Målet er maratondistansa på 42,2 km.