Det er fest første skuledag på YA!
Det er fest fyrste skuledag på YA!

Velkommen til skuleåret 2023-2024!

Kjære alle som har barn på Ytre Arna skule! Velkommen til eit nytt skuleår! Mange av dei yngste elevane har allereie hatt to gode veker med leik på SFO. Skulen startar for alle torsdag 17.august.

Eg starta som ny rektor 1.august, men kjenner dei fleste borna og mange av dykk frå åra mine som avdelingsleiar. Eg er glad for å ha med meg eit fulltaleg leiarteam og ein god gjeng lærarar og fagarbeidarar.  Saman skal vi fortsetje med alt det gode YA står for, og vil sørge for at alle på skulen har det trygt og godt, og lærar både fag og om livet elles!

Her er planen for fyrste skuledag torsdag 17.august:

  • 2., 3. og 4.trinn møter klokka 08.30 på skuleplassen. Skuledag til kl. 10.30. 
  • 5. og 7.trinn og Velkomstklassen møter klokka 11.30 på skuleplassen, og går raskt inn med lærarane. Skuledag til kl. 13.30.
  • 6.trinn startar litt tidlegare enn resten av mellomtrinnet, fordi dei skal bli fadrar for 1.trinn. Informasjon om tidspunkt kjem frå lærarane. Skuledag to timar. 
  • 1.trinn møter saman med føresette klokken 11.30 på skuleplassen. Etter litt program ute (eller i gymsal ved regn), går elevane inn i klasseromma med lærarane sine. Det blir foreldremøte cirka klokka 12-13. Skuledagen er slutt klokka 13.30. 

Det blir vanleg timeplan frå fredag 18.august. 

Trygg skuleveg er viktig for oss! Det er dessverre ikkje mogeleg å parkere på skuleplassen eller ved bom i Skulevegen. Bil kan stå for kort tid i veglomme i Bankvegen, og på parkeringsplassen ved Samhold. Vi oppmodar om å gå til skulen, i alle fall frå sentrum eller Gaupåsvegen. 

Velkommen til skulestart! Ta kontakt om stort og smått, vi er her for å hjelpe!

Beste helsing 

Torunn Reistad Skurtveit, rektor Ytre Arna skule