Ei gruppe menneske står oppstilt i ei rekke og smilar til kameraet, i eit stort rom i eit forsamlingslokale.
Trengereidkoret arrangerar korkafé på Trengereid forsamlingshus under kulturdagane.
Bilde: Torgeir Kinne Solsvik

Sjå programmet for Kulturdagar i Arna 17.–26. april

Det er tid for dei årlege kulturdagane i Arna. I ti dagar fyllest bydelen med song, musikk, kunst, historie og aktivitetar for store og små.

Byråd for næring, kultur og idrett Reidar Digranes opnar kulturdagane fredag 17. april kl. 18.00 i Kulturhuset Sentrum. Opninga byr på song, dans, kulturbollar og ei omreisande kunstutstilling laga av 100 barn frå fritidsklubbane i Bergen. Opninga har gratis inngang.

Bildesammensetning som viser smakebiter fra åpningen: en hånd med maling, en kvinne, to personer som synger fra en scene, dansere, og et portrettbilde av byråd Reidar Digranes

Musikkopplevingar

Musikk og kreativitet pregar dagane.  «Ord møter målepensel» samlar litteratur, biletkunst og jazz, medan storbandkonsert med Briotrio og     
Hardanger Big Band viser krafta i samarbeid mellom profesjonelle og lokale musikarar.

Arne Sangforening og Ytre Arna Historielag markerar jubileum i samband med Fabrikkstaden Ytre Arna 180 år, med konsert og lysbilete frå syngjespelet Elvæ.  

Det blir òg konsertar med Duo Berning og Ådland, Blå Resept, Kamin, Trengereidkor, Haukeland Songlag og Arne Musikforening.

Familieopplevingar

Familiar kan til dømes oppleve togreise med veterantog Arna - Haukeland, open gard på Garnes, familieverkstad på Kulturhuset Sentrum, familiedag i Espeland fangeleir og lesestund på bilioteket.  

Eit skinande raudt veterantog står parkert ved ein gul tradisjonell trebygning. Framom ser vi ein moderne gruslagt plass med naturstein og busker.
Veterantogtur er ei av opplevingane som ventar deg under årets Kulturdagar i Arna.
Bilde: Museet Gamle Vossebanen

Verkstader hos Arna Makerspace legg til rette for skaparglede og utforsking for folk i alle aldrar.

Lokalhistorie og -tradisjon

Kunst, handverk og lokal tradisjon finn du på Ådnatun Museum, med husflidsprodukt, bunadstradisjonar og lokale mattradisjonar.  Innblikk i lokal historie får du òg gjennom opne dagar og arrangement på Lien Gardsmuseum, Espeland fangeleir og Arna prestegard, og historiske vandringar.  

Fokus på kvinnehelse

Ytre Arna Sanitetsforening fortset sitt arbeid med å fremje kvinnehelse i Arna. Under årets temakveld byr dei på faginnlegg om livmorkreft, mammografiprogrammet, KI og brystkreftscreening, samt musikkinnslag ved Morten Endresen frå «The Voice».

Sjå programmet

Bla deg gjennom det digitale programmet her (ekstern lenke til Publitas).

Forside programbrosjyre

Du kan òg laste ned programbrosjyren i pdf-format her:   

Om du ønsker det kan du og følge med på Kulturdagar i Arna si Facebook-side.

Om Kulturdagar i Arna

Kulturdagar i Arna er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom kommunen og kultur- og organisasjonslivet i Arna. Arna og Åsane kulturkontor fungerer som koordinator og tilretteleggjar, medan lag, organisasjonar og andre kulturaktørar står ansvarlege for dei ulike arrangementa.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Arna og Åsane kulturkontor. 

Meir info om ulike kulturdagar i Bergen finn du her.

 

Les mer om: