Pressemelding

Nr. 41/22
Bergen, 21. september 2022

– Kostnadane veks og inntektsrammene vert strammare. Byrådet må difor roe ned pengebruken. Likevel er det eit godt og ansvarleg budsjett vi legg fram i dag, seier finansbyråd Per-Arne Hvidsten Larsen.

Byrådet har i dag lagt fram sitt forslag til handlings- og økonomiplan 2023-2026 og budsjett for 2023. Driftsbudsjettet i 2023 er på 26 milliardar kroner. I økonomiplanperioden er det foreslått å investere for 13,3 milliardar kroner. Av dette er 2,6 milliardar kroner investeringar som er finansierte gjennom avgifter.

– Ei uroleg verd med stigande prisar har vore det krevjande utgangspunktet for budsjettet. Alt dette gjer handlingsrommet vårt mindre. I budsjettet handterer vi dei store økonomiske utfordringane utan dei store kutta i tenestene. Men vi er nøydde til å gjere noko med nivået på investeringane våre, seier byrådsleiar Roger Valhammer. 

Må utsetje fleire investeringar

Bergen kommune har eit måltal om at gjeldsgraden ikkje skal overstige 70 prosent. Finansbyråden seier at dersom gjeldsgraden går opp, vil det ete av det positive driftsresultatet som kommunen i dag brukar for å eigenfinansiere delar av investeringane våre.

– Dette er første gongen vi skyv på prosjekt på grunn av økonomi, og ikkje på grunn av planleggingstid eller kapasiteten til å gjennomføre. I løpet av budsjettprosessen har vi skyvd på eller fjerna prosjekt for fleire milliardar kroner. Vi har skjerma naudsynte skuleprosjekt og bygging av sjukeheimar, seier Hvidsten Larsen.

Vekst i driftsbudsjett på 2,4 milliardar

Endringane i netto driftsbudsjett frå 2022 til 2023 er på 2,4 milliardar kroner. Av dette utgjer løns- og prisvekst 1,37 milliardar kroner. 

I driftsbudsjettet foreslår byrådet nye tiltak og realendringar for 276,1 millionar kroner. Av dette er 257,9 millionar kroner sett av til drifta av nye tiltak i 2023. Byrådet foreslår 68,8 millionar kroner i ulike nye eingongstiltak. Kutt i tiltak utgjer 53,2 millionar kroner. Byrådet har i framlegget lagt inn effekt av effektiviseringar for 41,9 millionar kroner.

  • Av kutta på 53,2 millionar kroner utgjer ulike tiltak for å spare på straumen i kommunale bygg 40 millionar kroner.

Nye tiltak for 257,9 millionar kroner 

Innretninga på eigedomsskatten er uendra i byrådets forslag. Byrådet har også lagt inn 257,9 millionar kroner forslag til nye tiltak i driftsbudsjettet. 

Her er nokre av dei nye tiltaka i budsjettframlegget:

  • Den nye sjukeheimen i Åsane, Åsaheimen, skal setjast i drift i 2023. Sjukeheimen vil ha 100 plassar. Byrådet tilrår å setje av 67,9 millionar kroner til drifta av den nye institusjonen.
  • Bergensarane blir eldre og byrådet vil difor styrkje budsjettramma for helse- og omsorgstenester i heimen med 60,1 millionar kroner i 2023 og aukande i økonomiplanperioden.
  • Grunna krigen i Ukraina har bystyret vedtatt at Bergen kommune skal kunne busetje 1.000 flyktningar. Byrådet rår til å styrkje budsjettet for dette med 46 millionar kroner som eit eingongstiltak. Midlane går til lønskostnadar og utbetalingar av start- og introduksjonsstønad.
  • Byrådet vil løyve 27 millionar kroner til barne- og avlastningsbustadar for barn og unge som har alvorlege funksjonshemmingar.
  • Fleire bustader for personar med utviklingshemming kan setjast i drift i 2023. Byrådet foreslår å setje av midlar til drifta av bustader i Landåsveien, Bispenggaten, Krohnåstoppen. Byrådet foreslår også å setje av 15,8 millionar kroner til tenester i bustadløysingar som er privat initiert.
  • Byrådet foreslår å auke satsane for sosialhjelpa med ei løyving på 4,1 millionar kroner. Midlane skal nyttast til å tilpasse sosialsatsane til SIFOs referansebudsjett.
  • Byrådet er uroa over auken i fråværet i skulen. Dei tilrår til å styrke budsjettet til Bergen kompetansesenter for læringsmiljø med 3,2 millionar kroner. Senteret skal etablere eit team som skal arbeide med fråværsproblematikk og hjelpe skulane med tiltak.
  • Fleire idrettsanlegg i Bergen er eigde av idrettslag. Byrådet foreslår å auke støtta til private anlegg med åtte millionar kroner i 2023. I år får desse anlegga ni millionar kroner i støtte.
  • Byrådet foreslår å gi auka støtte til barne- og ungdomsmidlar til idretten. Støtta aukar med 2 millionar til 13 millionar totalt. Tilskotet vert delt ut til idrettslag etter medlemstal for å styrke aktiviteten i laga.
  • Åsane blir neste bydel ut som får tilbod om Ung Arena. Dette er eit tverrfagleg lågterskeltilbod for unge mellom 12 og 23 år. Byrådet foreslår å løyve 5,2 millionar kroner til dette. Målet er at dette skal gi utsett ungdom rett hjelp til rett tid.
  • For å møte trugsmål når det gjeld informasjonstryggleik foreslår byrådet å løyve to millionar kroner til å etablere eit informasjonssikkerheitssenter. Senteret skal overvake og analysere veikskapar og risiko.

Politisk rådgjevar for byrådsleiar Roger Valhammer, Magnus Hoem Iversen, telefon  464 56 631

Politisk rådgjevar for byråd Per-Arne Hvidsten Larsen, Miriam Louise Seim, telefon  482 11 967