Gå tilbake til:
Du er her:
Pressemelding

Nr. 48/20
Bergen, 15. mars 2020

Bergen kommune og NAV Vestland har som følgje av nye nasjonale råd for å redusere faren for smitte, bestemt at alle NAV-kontora i Bergen kommune stenger publikumsmottaket frå 16. mars.

Dette er både av omsyn til brukarane våre, men også for å unngå at våre tilsette vert sjuke, slik at våre viktige samfunnsfunksjonar vert ramma.

Korleis kjem brukar i kontakt med oss no?

 - Vi prøver så godt vi kan å svare alle som treng kontakt med oss, men ber om at saker som ikkje hastar må vente, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

For å unngå altfor stor pågang, ønskjer vi at  brukarane først sjekkar ut oppdatert informasjon på samlesida vår på nav.no:  Koronavirus - informasjon frå NAV.

 - Brukarar som er registrert hjå oss vert på det sterkaste oppmoda til å kontakte oss digitalt, seier Anne Kverneland Bogsnes.

Mange møter NAV for første gong som permittert eller arbeidsledig. Dei må gjere følgjande:

Steg 1: Registrere seg som arbeidssøkar på nav.no, seinast første permitteringsdag.
Steg 2: Søkje om dagpengar.
Steg 3: Sende meldekort kvar 14. dag.
Steg 4: Følg saka si på DittNAV.

Personleg oppmøte på NAV-kontoret i Bergen er ikkje lenger mogeleg

Brukarar som ikkje kan bruke digitale tenester, kan få timeavtale som gjeld søknad om nødhjelp, økonomisk sosialhjelp og hjelp til å søke om dagpengar ved permittering, sjukemelding, eller andre kritiske situasjonar.  Ettersom det ikkje er høve til å møte direkte, må slike møte gå via telefon eller video.

Innbyggarar som vil søke økonomisk sosialhjelp kan logge seg inn på nav.no og søke digitalt, eller hente skjema som blir sett fram i nærleiken av inngangsdøra til kommunen sitt NAV-kontor. Søknadsskjema kan sendast i posten eller leggast i postkasse ved kvart NAV-kontor.

Brukarar som har behov for midlertidig butilbod eller nødhjelp kan ta kontakt med NAV-kontoret på telefon 5555 3333.

Timeavtalar som gjeld andre ting enn det som er vist til over, kan bli avlyst og brukar vil få beskjed på SMS, Ditt NAV (nav.no) eller telefon. Alle vil få utbetaling frå NAV, sjølv om avtalen blir avlyst eller utsett.

Kontakt på telefon  

Brukarane kan framleis ringe NAV dersom det hastar, men ventetida kan være lengre enn det  som er ønskjeleg, så vi ber om at dei visar tålmod.

Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland, 905 21 059

Tommy Johansen, kommunaldirektør, Byrådsavdeling for arbeid, sosial og bolig, Bergen kommune, 975 67 035