Gå tilbake til:
Du er her:
Lone skule
Lone skule
Bilde: BkBilde

Lone skule

Lone skule er ein barneskule som ligg landleg til på Haukeland i Arna bydel.

Lone skule er ein barneskule (1.-7.trinn) som ligg landleg til på Haukeland i Arna bydel. Skulen består av fleire bygg som er oppført på ulike tidspunkt. Skulen disponerer og Lonehallen som ligg vegg i vegg hovedbygg. Dei ulike idrettslaga brukar Lonehallen på ettermiddagar og kveldar gjennom uka. 

På Lone har vi slagorda ANSVAR, RESPEKT og OMSORG som er henta frå programmet vi brukar når vi bygg sosial kompetanse blant elevar og vaksne på skulen vår. Programmet heiter PALS, og er ein forkorting for Positiv Atferd, støttande Læringsmiljø og Samhandling. 

Det går om lag 270 elevar på skulen,  og det er ca.50 vaksne som har sin arbeidsplass på Lone. 

Skulen har og ein SFO som er open frå kl.0730 kvar vekedag og som stengjer kl.1630. 

Vi nyttar dei flotte naturomgjevnadene våre i både fagleg og sosial læring.