Sammen er et fint sted å være!
Sammen er et fint sted å være!

Mangfaldsveke og morsmålsdag 2026

På Ytre Arna skule er vi stolt over og glad for å ha eit mangfald av språk og kulturar. Siste skuleveke i februar har vi ekstra fokus på identitet og fellesskap, og morsmålsdagen er vår festdag!

På YA ønsker vi at alle elevar skal kjenne og vere trygg på eigen kulturelle identitet, og oppleve at den du er, er viktig for fellesskapet. I veke 8 har skulen mangfaldsveke, der vi jobbar tverrfagleg mot dette målet. Elevane utforskar eigen bakgrunn, og vi lærer om språk og kulturar frå kvarandre. Norsk kultur og språk er felles for oss alle, men jammen er det kjekt å kunne ord på fleire språk og lære om ulike stadar i verda! 

Den internasjonale morsmålsdagen er 21. februar, og i år feira vi den fredag før vinterferien. Morsmålsdagen er skulen sin største festdag, og dagen starta med flagget til topps og musikk frå mange land på høgtalar i kantina under skulefrokosten! Store og små kler seg i klede frå favorittlandet sitt denne dagen, og både bunadar, folkedrakter, fotballtrøyer og alt mogeleg anna syner skulen sitt mangfald. Undervisninga på alle trinn var stasjonar med læringsaktivitetar knytta til språk og kulturar, og til lunsj fekk vi nyte deilig mat frå alle kulturar representert i klassen. Fellesprosjektet i år er eit nytt kunstverk, i gangen inn frå Bankvegen mot vestibylen. Her blir det mala eit stort HEI, og alle små og store på skulen fekk setje signaturen sin rundt. Over døra skal det malast HEI i alle språka på skulen. 

Vi avslutta festdagen saman i gymsalen. Skulesamlingen blei leia av velkomstklassen og elevrådet. Gymsalen var flott pynta av alle trinn på skulen. Statsforvaltaren i Vestland kom på besøk, og hadde ein tale om inkludering og skryt av arbeidet vårt. Ho hadde og med ei gåve til oss. Det var ein flott innramma diplom, for nominasjonen til Dronning Sonja sin skulepris 2025. Det er kjekt at arbeidet vårt for inkludering og likeverd blir verdsatt på denne måten!

Sjå serien med bilete frå morsmålsdagen!

Diplom for nominasjonen til Dronning Sonjas skolepris 2025
2.trinn sin klode
2.trinn sin klode
Vi er saman!
Saman kan vi mange språk!
Vi er ulike, men svømmer samme vei!
Vi er alle forskjellige, men svømmer samme vei!
All verdas flagg!
All verdas flagg!
Vi er deler av en helhet
Vi er deler av en helhet!
We shine brighter together!
We shine brighter together!
Hjertemosaikk med ord
Hjertemosaikk med ord

 

Ukraina og Palestina i våre hjerter
Ukraina og Palestina i våre hjerter
Her kommer nytt kunstverk! Alle har satt sin signatur på veggen
Her kommer nytt kunstverk! Alle har satt sin signatur på veggen
Ferdig fellesprosjekt!
Ferdig fellesprosjekt!
Hei på mange språk over inngangsdøren vår
Hei på mange språk over inngangsdøren vår!
Venninner med røtter fra Eritrea, Polen og Romania
Venninner med røtter fra Eritrea, Polen og Romania
Kompiser med flotte skjorter fra Romania og Ukraina
Kompiser med flotte skjorter fra Romania og Ukraina
Vakker skjorte fra Eritrea
Vakker skjorte fra Eritrea
Polske festklær
Polske festklær
Lære om land og språk
Vi lærer om land og språk
This is me!
This is me!
I arbeid med språk er datamaskinen god å ha
I arbeid med språk er datamaskinen god å ha!

 

Mat fra mange land!
Deilig smak av mat fra mange land!
Russiske boller
Russiske boller
Rektor i sari
Rektor har et nært forhold til India, og stilte i sari denne dagen!